Grannar søkjer ansvarleg redaktør

Grannar er lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord. Avisa er konsernuavhengig  med lokale eigarar, og blir redigert på nynorsk. Vi har eit opplagstal på rundt 3400, og kjem ut med ei papirutgåve kvar veke i tillegg til vår sterke digitale satsing med lokale nyhende frå Etne og Vindafjord på nett 7 dagar i veka. I tillegg lagar me podcasten Grannar-podden med lokale gjestar. Dekningsområdet vårt er prega av eit sterkt næringsliv og eit aktivt fritidstilbod innan kultur, idrett og frivillig arbeid.

Grannar har i mange år hatt ei viktig rolle som ein lokal samfunnsaktør, og vi er kjent for å vere nær og engasjert i dei lokalsamfunna vi dekkjer. Grannar har i dag 8 fast tilsette, og ambisjonen vår  er å vidareutvikle avisa, styrkje både papir- og digitalpubliseringa, og sørgje for at Grannar held fram som ein sentral og relevant stemme for innbyggjarane i Etne, Vindafjord og omegn også i framtida. 

Les meir på grannar.no

Grannar søkjer no ein engasjert og kompetent ansvarleg redaktør som kan ta på seg det daglege ansvaret for redaksjonen, og som er drivkrafta i vidareutviklinga av både vår digitale og trykte satsing. Du bør ha ein lidenskap for lokaljournalistikk og ei sterk forståing for kva som er viktig for lokalsamfunnet vårt.

Arbeidsstad vil vere på Grannar sitt kontor på Etne senter. Det er også fleksibilitet til å  bruke vårt kontor i Ølensvåg.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

Som ansvarleg redaktør vil du ha det overordna ansvaret for den redaksjonelle drifta og innhaldet på alle plattformer. Du skal saman med det erfarne redaksjonsteamet bidra til å vidareutvikle den digitale satsinga, samtidig som du held på Grannar si sterke posisjon som ei papiravis i lokalsamfunnet.

Andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver:

KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR

Vi ser etter ein person som er nysgjerrig, lærevillig og motivert for å leie Grannar til nye høgder. Du har ein strategisk og resultatorientert tilnærming til arbeidet, men er også ein god lyttar som set pris på samarbeid og involvering. Du er modig i å ta avgjerder, men er samtidig open for innspel frå både medarbeidarar og lokalsamfunnet.

For å lykkast i stillinga treng du:

Relevant høgare utdanning innan journalistikk, mediekommunikasjon eller liknande fagområde er ei fordel, men erfaring og motivasjon vert lagt vekt på.

KVIFOR GRANNAR?

Dette er ei sjeldan moglegheit til å få ei sentral rolle i utviklinga av ein viktig lokal aktør. Som ansvarleg redaktør i Grannar vil du få ei spennande utfordring der du kan bidra til å sette ditt preg på framtida til avisa. Med støtte frå dyktige medarbeidarar og eit velfungerande redaksjonsteam vil du ha gode høve til fagleg utvikling, samtidig som du får konkurransedyktige vilkår.

Søknadsfrist: 20. januar 2025 – Søknader vil bli vurderte fortløpande.

ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?

Ta  kontakt med vår rekrutteringspartner, HAMNØY, ved rådgivarane:

Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartneren vår handsamar alle henvendelser  konfidensielt – også overfor oss i Grannar i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.

Tiltreding etter nærare avtale.

Høyr Stillingspodden frå HAMNØY der styreleiar i Grannar Asbjørn Moe fortel meir om selskapet og stillinga som ansvarleg redaktør her: