Elisabeth Kallevik Nesheim og Steinar Nesheim er klare for kongelunsj i Stavanger om eit par veker. Ekte hagefest er dei lova. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Elisabeth Kallevik Nesheim og Steinar Nesheim er klare for kongelunsj i Stavanger om eit par veker. Ekte hagefest er dei lova. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 3
Invitasjonar med monogram kom i posten.
Invitasjonar med monogram kom i posten. Bilde 2 av 3
Den breibremma hatten er klar. Elisabeth Kallevik Nesheim gler seg stort.
Elisabeth Kallevik Nesheim har vore stor fan av kongelege bryllaup gjennom mange år. Neste torsdag kjem ho til Bjoa for å fortelja om sine opplevingar. Arkivfoto: Grethe Hopland RavnBilde 3 av 3

Jublar over kongeleg invitasjon

Det var rett før tårene spratt for Elisabeth Kallevik Nesheim, då ho sist veke fiska fram ein konvolutt frå postkassen, med avsendar Hans Majestet Kongen. Invitasjon til hagefest var bodskapen, og ektemann Steinar får også vera med.

 

Dei er midt i ei travel restaurering av huset som med tida skal bli deira nye heim. Eigedomen ligg ved Vatsvatnet, på motsatt side av heimegarden dei har i dag, og sjølv om restaureringsjobben er tungt arbeid er det rart kor mykje lettare det går når ein har noko å gle seg til. Og det har dei begge, men fru Nesheim i sær. Ho gler seg så inni hampen, og smiler frå morgon til kveld. Invitasjonen frå Konge og Dronning til hagefest i Stavanger, 27. juni, er ein opptur utan sidestykke.

— Eg fekk frysningar då eg såg monogrammet på konvolutten, og då eg fiska opp ein konvolutt til, med same monogram, som var adressert til Steinar, blei eg så utruleg glad, seier Elisabeth Kallevik Nesheim og sprudlar.

Ektemannen litt meir avslappa

Det er i høve kongeparet sitt 25-års jubileum som Konge og Dronning i Noreg, dei inviterer «vanlege folk» til hagefest i seks norske byar i juni. I Stavanger blir hagefesten lagt til Ledaal, som er kongeparet sin heim i byen. Med på feste blir også kronprinsparet, og ekteparet Nesheim ser fram til denne spesielle hendinga, om så i litt forskjellig grad.

— Det er klart eg gler meg. Dette blir sikkert veldig kjekt, men eg er nok ikkje på same nivå som Elisabeth, seier ektemann Steinar Nesheim og innrømmer at han har ein plan om å gå i dress. Men han har ikkje tenkt så mykje meir over kledningen enn akkurat det.

Elisabeth derimot har planlagt ned til minste detalj.

— Eg synest det er viktig å representera litt frå heimstaden vår, og i går var eg og prøvde ein av Nina Stråtveit sine kunstnariske kjolar. Kanskje eg kjem til å gå i ein av dei. I tillegg har Unni Marie Lien ei flott kåpe, som eg har brukt i samband med kongelege hendingar før, seier ho og legg til at ho sjølvsagt også har planlagt kva hatt ho skal ha.

Den blir som alltid breibremma.

«Dei vise kåner»

Det er etterkvart ei kjent sak at fru Nesheim er over gjennomsnittet interessert i kongefamiliar, både i Noreg og utover våre landegrenser. Saman med venninna, Inger Elise Kolstø kallar dei seg «dei vise kåner» og representerer Vestlandet i dei fleste kongelege bryllaup. Til no har dei deltatt i åtte kongelege bryllaup.

Kolstø høyrer til i Karmøy kommune, og Nesheim jubla høgt då også ho fekk ein invitasjon i posten.

— Det er nesten for godt til å vera sant, seier ho.

Fleire inviterte

Herr og fru Nesheim er ikkje åleine i Grannar-distriktet med å ha fått invitasjon i posten. Dei heldige som blei plukka ut til hagefesten i Vindafjord var dei same som vann prisar frå kommunen på tampen av fjoråret. Dermed har også Anna Heggebø, Erna Nordtveit, Gry Rørtveit, Rita Fridfeldt, Karoline Vormestrand Kro og Hilde Sandbekken fått innbyding. I tillegg er også ordførarane invitert, så Ole Johan Vierdal blir med på reisa.

— Kan du tenka deg så heldige me har vore. Først vinn me Kulturprisen for Vindafjord, men så var me så heldige at akkurat det året me vann denne prisen, kjem ein slik invitasjon i tillegg, seier Elisabeth Kallevik Nesheim.

Etnebuar til Bergen

Også i Etne er det nokre heldige sjeler som har fått invitasjon til hagefest med både konge- og kronprinsparet. Grunna fylkesgrensa skal desse på fest på Gamlehaugen i Bergen eit par dagar før det skal festast i Stavanger. I Etne er det desse heldige som har fått konvolutt med monogram i posten:

Torbjørn Aarak Grønstad, Marlene Ness Lye, Kristin Grindheim Hovda, Margareth Bull-Tornø, Lars E. Lundal, Magne Berge saman med mor si, Anfrid Berge, Monica Grindheim og ordførar Siri Klokkerstuen.