Ordførarane Ole Johan Vierdal i Vindafjord og Siri Klokkerstuen i Etne møtte pressa ved Skakkesenteret ved 18.30-tida måndag.
Ordførarane Ole Johan Vierdal i Vindafjord og Siri Klokkerstuen i Etne møtte pressa ved Skakkesenteret ved 18.30-tida måndag.

Spente ordførarar

Kva seier folket? Og kor mange av innbyggjarane røyster? Ordførarane i Etne og Vindafjord var spente kort tid før røystelokala stengde.

Dei to ordførarane leiar kvar sitt valstyre i Etne og Vindafjord. Dei har hatt ein travel dag, og går no ein spennande kveld imøte. Klokka 18.30 tok dei seg tid til eit kort møte med NRK og Grannar på Skakkesenteret i Etne.

— Eg har ein følelse av at det ikkje blir veldig høg valdeltakiaang i Vindafjord. Me håper på over 50 prosent. Det er viktig for å få eit best mogeleg råd frå innbyggjarane, sa Ole Johan Vierdal.

LES OGSÅ: Røystinga er i gang

Siri Klokkerstuen hadde høgare ambisjonar.

— Eg håpar å passere 60 prosent oppslutnad i Etne, sa Klokkerstuen.

Mellom 18.30 og klokka 19.00 var det i alle fall ein jamn straum med røystarar innom Skakke-senteret i Etne.

Sp-leiarar seier ja

Sjølv leverte ordførarane sine røyster i føremiddag. Siri Klokkerstuen (Ap) røyster som kjent nei til samanslåing av dei to kommunane. Kollegaen Ole Johan Vierdal i Vindafjord (Sp) stemmer ja og er då på linje med gruppeleiar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i det største opposisjonspartiet i Etne.

På sin Facebook-profil skriv at ho at Sp i Etne er delt i spørsmålet, men at ho røystar ja til samanslåing.

— Eg meiner kort sagt at me er best rusta for framtidige utfordringar med å stå saman. Samarbeid er bra, men skal me samarbeida på svært mange fleire område kan me like godt stå saman, skriv ho.

Men kva veg vinden eigentleg bles var i alle fall ikkje ordførarane trygge på, så spenninga var stor kort tid før røystinga er over.

Resultata frå den rådgjevande røystinga er truleg ikkje klare før etter klokka 21.30 i kveld.

Fylkesmannen tilrår i morgon

Kokka 12.30 i morgon tysdag legg Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i Rogaland fram sin innstilling til nytt kommunekart for Rogaland.

— Tilrådinga vil nok innehalde eit samanslått Etne og Vindafjord, men med atterhald om at me er i prosess, fortel Ole Johan Vierdal. Vindafjord-ordføraren skal vere til stades på møtet i Stavanger.

Grannar har journalistar både i Etne og Ølen utover kvelden og kjem att med meir stoff frå folkerøystinga i Etne og Vindafjord så snart det føreligg resultat.