Det summar i korridorane i Skjold Arena, og rundt 15 spente jenter, hovudsakleg i alderen frå femte til sjuande klasse, trippar rundt og er meir eller mindre nervøse. Dagens store happening er nemleg audition på stykket om den foreldrelause Annie, om daddy Oliver Warbucks, sekretæren Grace Farrell som forelskar seg i Mr. Warbucks og ikkje minst den legendariske og noko drukne, Miss Hannigan som driv barneheimen Annie bur på.
Først ut er alle som ønskjer seg rolla som Annie, og det er ikkje fritt for at det er litt skummelt å stå framføre tre domarar som skal avgjer kven dei heldige til slutt blir.
— Me kjem til å gje hovudrolla til to personar, som skal dela på å vera Annie. Det er så veldig mykje tekst ein skal kunna, så me blei nøydde for å gjera det på denne måten, seier Therese Nesheim, leiar i UL Skjoldafjord.
Har øvd mykje
Emma Tjelmeland Hustoft er ei av jentene som vil prøva seg på rolla som Annie, og er spent før ho går inn.
— Eg har øvd mykje på songen «I morgon, i morgon», ein heil time berre i dag, fortel elleveåringen.
Rak i ryggen møter ho dommarpanelet, Tone Haugen Moe, Therese Nesheim, Øyvind Håkull og Brian Nilsen og gjer seg klar til å syngja. Etter ein liten bomstart får ho lov til å starta på nytt igjen, heldigvis! For når ho får summa seg litt, blir rommet fylt av den klåraste stemma ein kan tenkja seg. Emma blir stadig tryggare og ein kan gjerne gjera seg tankar om at ho passar godt på ei scene.
Etter songen skal ho visa dommarane at ho taklar ein spontandialog med ei kverulerande butikkdame, alias Veronika Tveit, som ikkje heilt veit kva pris ho skal ta for ein hatt. Emma sleng seg med i dialogen og med både smisk, velvalte ord og skryt til butikkdama klarar ho å snu den halvtverre kjerringa til ei nøgd butikkdame.
Etter audition synest Emma det gjekk ganske bra, og no kryssar ho fingrane for at ho skal vera ein av dei to heldige som får rolla som Annie.
Gro Marit som Miss Hannigan
Dei vaksne står for tur når ungane er ferdige, og Therese Nesheim kan opplysa at dei vaksne var enda meir nervøse enn dei unge jentene.
Også her var det i all hovudsak kvinner som møtte opp, og i løpet av kvelden blei dei forskjellige rollene delt ut. Hovudrolla som Miss Hannigan er det ingen ringare enn Gro Marit Messmer Larsen som skal ta seg av. Annelin Bauge fekk rolla som sekretæren Grace Farrell, og den litt slu svigerinna til Miss Hannigan er det Liv Eidhammer Mangrud som skal blåsa liv i.
Det kan sjå ut til at lista for å stilla opp på audition ligg høgare for menn enn for kvinner
— Når det gjeld dei mannlege hovudrollene, er ikkje rollene fordelte enda. Det kan sjå ut til at lista for å stilla opp på audition ligg høgare for menn enn for kvinner, så me må nok jobba litt for å hanka inn både Oliver Warbucks og Miss Hannigan sin bror, Rooster Hannigan.
Det var ikkje berre å knipsa med fingrane, når planlegginga av musikalen Annie skulle setjast opp i Skjold. Her måtte ein søkja til London om løyve til å setja opp stykket, og fekk først avslag sidan Sandnes også skulle setja opp same musikal. Likevel gav dei ikkje opp og søkte på nytt, med brei grunngjeving om at dei ikkje kom til å konkurrera med Sandnes og at Skjold er ei lita bygd. Dermed passerte UL Skjoldafjord nålauga, og planleggina kunne byrja.
Går alt etter planen er det premiere laurdag 7. mars og helga etter skal gjengen turne både til Etne og til Tysvær. Eit utvida Skjold skulekorps blir også med og legg seg allereie no i hardtrening for å læra seg musikken til Annie.
Etter at dommarane hadde summa litt, kunne dei også kunngjera at dei to heldige som får dela rolla som Annie faktisk landa på Emma Tjelmeland Hustoft, i tillegg til Anita Øygard. Alle dei andre ungane får roller som barneheimsbarn.