Ein mann i 50-åra var fredag på veg frå Bergen til Haugesund med båten sin, då han til slutt fann ut at han ikkje visste kor han var. Dermed tok han i 14-tida, kontakt med hovudredningssentralen, og ei redningsskøyte blei sendt ut for å hjelpa mannen, opplyser Agnar Austrheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Han kan også fortelja at mannskapet på redningsskøyta tidleg fekk mistanke til at båtføraren var påverka av promille, og tilkalla politiet som tok seg av mannen då dei kom inn til land på Bjoa.
— Mannen har avlagt blodprøve, og må møte i retten for forholda, opplyser Austrheim.