Ølensvåg er ei næringsbygd av dei sjeldne. Her har gode idéar fått vekse til store og viktige arbeidsplassar som imponerer både i fylke- og nasjonalsamanheng. Foto: Elin B. Øvrebø
Ølensvåg er ei næringsbygd av dei sjeldne. Her har gode idéar fått vekse til store og viktige arbeidsplassar som imponerer både i fylke- og nasjonalsamanheng. Foto: Elin B. Øvrebø

Bygda mi: Ølensvåg

Send inn bilete av bygda di!

Grannar feirar i år 40-årsjubileum, og har i dette høvet starta ein serie i papiravisa – «Fotoreportasjen bygdestreif». Gjennom 13 fotoreportasjar i løpet av året vil avisa skildra Grannar-bygdene i Vindafjord og Etne. Først ute var Vats og Åkrafjorden, og no har turen kome til Ølensvåg. Me inviterar lesarane våre til å senda oss bilde frå Ølensvåg-bygda. Bileta vil bli publisert i eit eige fotoalbum på nettavisa.

Vil du dela eit bilete frå bygda di, send biletet i ein mail merka «Ølensvåg» til foto@grannar.no. Ta òg med ein liten tekst, samt namnet på fotografen.

Albumet blir oppdatert etterkvart som det kjem inn nye bilete.