Haugaland og Sunnhordland politidistrikt går ut med ei klar oppmoding til trafikantar i distriktet om å ta omsyn til skuleborna. Dei neste dagane vil mange born igjen ta fatt på skulevegen, og politiet i distriktet vil halda fram med å gjennomføra skulekontrollar.
I Vindafjord og Etne er det full skulestart denne veka. Blant anna har nesten 150 førsteklassingar sin aller første skuledag torsdag.
— Ta omsyn til skuleborna, køyr forsiktig og følg politiet sine råd.
Born si trafikkforståing er ikkje utvikla som hos vaksne. Bilistar bør difor ta ekstra omsyn når ein køyrer langs skuleveg og særskilt ved skuleområde. Foreldre bør vurdera å la borna gå til skulen, i staden for å køyra dei til døra, seier Edgar Mannes, leiar for Felles Operativ Eining ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt..
Politiet oppmodar alle om å sikra borna ein trygg skuleveg.