Tre personar måtte til legesjekk etter at bilen dei sat i hamna i ein fjellvegg på Kyrping aust i Etne kommune sundag kveld.
Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det er oppretta sak mot den 26 år gamle sjåføren fordi dei meiner han har kjørt aktlaust. Førarkortet er difor beslaglagt.
Bilen dei tre sat i kom frå aust og hamna over i motgåande kjørebane på E134 før den stansa i ein fjellvegg. Politiet opplyser at vegen var salta i området. Ulykka skjedde like ved bensinstasjonen på Kypring.