Ny gjest. Transocean Leader fotografert på veg inn til Westcon sist den var her, i mai 2014. Foto: Westcon
Ny gjest. Transocean Leader fotografert på veg inn til Westcon sist den var her, i mai 2014. Foto: WestconBilde 1 av 2
Bilde 2 av 2

På veg til Westcon

Først Transocean Leader, og deretter Safe Scandinavia.

Ein svært hektisk periode ventar verftet i Ølen framover. Laurdag kjem boreriggen Transocean Leader inn fjorden, og i byrjinga av mars får den selskap av bustadriggen Safe Scandinavia.

Det er berre ei lita veke sidan Westcon Yards fekk beskjed om at dei hadde fått oppdraget med å klassifisera Transocean Leader. Planen var at riggen skulle koma i mars, men alt før helga sig den inn Ølensfjorden.

Boreriggen skal til verftet i Ølensvåg for klassing og skroginspeksjon.

— Det var fleire som kjempa om dette oppdraget, og det er berre ei lita veke sidan Westcon Yards fekk beskjed om at me fekk kontrakten. Etter planen skulle arbeidet starta eit stykke ut i mars, men nå har me fått beskjed om at riggen kjem laurdag morgon, seier prosjektleiar Svein Stene i ei pressemelding frå Estcon.

Kor mange personar som vil vera i sving med klassinga og inspeksjonen, er uvisst, men arbeidet involverer blant andre sveisarar, rørleggarar, platearbeidarar og dykkarar som skal hjelpa til med thrusterar og botnventilar.

— Me vil også bruka Westcon Løfteteknikk til sertifisering. Oljeselskapa har forskjellige leverandører, og når riggane skiftar oppdragsgivar, blir ofte deler av utstyret om bord bytta ut. Så det blir ganske sikkert ein del arbeid med å installera tredjepartsutstyr, opplyser Stene. 

Westcon-selskapet Westcon Power & Automation har alt vore involvert i førebuinga av verftsopphaldet.

Tidleg i mars kjem også bustadriggen Safe Scandinavia, som også var innom Westcon-verftet i fjor haust. Dette er ein lagt større kontrakt.

— Arbeidet som skal utførast på Transocean Leader er berekna til å ta 35 dagar, men riggen blir liggande til mai då den skal i gang med sitt nye oppdrag, seier Stene.

Ferda går då til den britiske sidan av Nordsjøen.