Politiet ber folk ta sine forholdsreglar for å unngå å få uvedkomande på besøk. Illustrasjonsfoto
Politiet ber folk ta sine forholdsreglar for å unngå å få uvedkomande på besøk. Illustrasjonsfoto

Åtvarar mot vinningskriminelle

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har sendt ut eit sterkt varsel om at såkalla mobile vinningskriminelle har intensivert aktiviteten i regionen. Det er spesielt private bustader og hus som er utsette

Førebels er det Haugesund som har vore mest utsett for denne type saker, medan det også er registrert fleire tilfelle på Karmøy og Stord.

I Vindafjord og Etne har det så langt ikkje vore auke i denne type saker, men politiet meiner det grunn til å vera på vakt, spesielt sidan det snart er påske og mange drar vekk frå hus og heim.

Dersom du er på trygg avstand, ta gjerne foto av bilar og mistenkelege personar

Det har vore ei utvikling med innbrot og grove tjuveri frå bustader det siste året, og ein ytterlegare auke den siste tida, har fått politiet til setja i gang ekstra målretta tiltak mot denne type kriminalitet.

Felles trekk

Ein analyse av sakene i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har avdekka fleire felles trekk ved framgangsmåte:

* Spesielt hus frå 1970 – 90-talet

* Hus skjerma for innsyn

* Ligg ofte litt for seg sjølv, innerst i ein veg

* Innbrot i bustadfelt med fleire vegar ut av området

* Bryt opp dører og vindauge utan innsyn, ofte i andre etasje

* Legg igjen lite spor, og gjer liten skade

* Skjer ofte på dag- eller kveldstid, tyder på rekognosering i forkant

* Stel i hovudsak lett omsettelege verdigjenstandar, smykke og kontantar

Førebygging

Politiet gir fylgjande råd til publikum:

* Lukk vindauga godt, også med feste

* Lås dørene, sjølv på korte turar

* Aktiver alltid alarmen

* Vurder utskifting av gamle låsar på vindauge og dører

* Vurder behovet for alarm (med bevegelsessensorar)

* Avtal nabohjelp, tøm kvarandre sine postkassar

* Gøym verdisaker på sikker stad, eller ta det med

* La ikkje stigar ligga framme

* Ha alltid lys i huset

* La det vera litt søppel igjen i dunken

Meld frå

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ynskjer tips frå publikum, og ber om at folk melder frå om dei ser noko mistenkeleg. Noter registreringnummer på slike bilar, og meld frå om bilskilt forsvinn.

— Dersom du er på trygg avstand, ta gjerne foto av bilar og mistenkelege personar, heiter det i oppmodinga signert Bernt Norvalls, leiar for Felles Operativ Eining i politidistriktet.