Lite stemde for heimelaget då dei møtte Haugar i kveld. Før kampen låg Vats94/Skjoldar eitt poeng føre Haugar på tabellen. Begge laga kjempar for å unngå nedrykk frå 4. divisjon. Trenar Per Ivar Innvær karakteriserar kampen som lavmål på heimebane, og var ikkje nøgd etter kampen. Haugar utnytta dårleg pasningsspel frå Vats94/Skjoldar si side, og skåra to mål i kvar omgang. John Fredrik P. Jacobsen(2), og Martin Urnes(2) netta for bortelaget. Les meir i måndagens avis.