— Dette var totalt overraskande. Det kom som ei bombe å vinna, seier Arne Gunnar Habbestad (53) og kan knapt tru at han er blitt kåra til årets namn.
— Eg visste ikkje at eg var nominert ein gong, og skjønte ikkje kva dei snakka om på jobben då dei fortalde meg det, seier den glade vinnar frå Ølensvåg.
I forslag til kandidatar til Årets namn som er innsendt av Grannar sine lesarar, heiter det at Habbestad har gjort ein enorm jobb for heile Vindafjord. Han er eit utprega ja-menneske som alltid stiller opp same kva han blir spurt om. Han stikk seg sjeldan fram og vil sjeldan ta æra for jobben.
Dette var totalt overraskande
Dugnad
Lista over ting denne driftige karen har vore med på er lang. Blant anna har han vore med som byggeleiar under oppføring av det nye klubbhuset til idrettslaget i Ølen, han har tatt seg av byggeleiinga av Westcon-banen, sett til at ideen om pantebuene vart sett i verk og deltok under bygging av sykkelstien frå Lundeneset til Sandfrakt. Han set som dagleg leiar i Vågen Bygdesenter og har ei hand med i Bruktbua i Ølen. Siste post på prosjektlista er leiarskap i det nyskipa Vindafjord Turlag, der dei blant mange andre prosjekt ynskjer å knyta Etne og Ølen saman ved å byggja ein manglande bit turveg over Fikse. Få kan visa til større engasjement for lokalsamfunnet, men sjølv meiner han at mange andre hadde fortent heider og ære meir enn han sjølv.
— Fellesnemnaren for dei prosjekta eg har delteke i er dei er veldig synlege og dei er tidsbegrensa. Mange kunne fortent å bli kåra like mykje som meg. Ein trenar for eksempel gjer ein formidabel innsats som aldri tek slutt og der det ikkje er noko start og stoppedato, seier han.
Habbestad ynskjer også å senda ein ekstra ros til Vindafjord Arbeidsgjevarforeining for innsatsen dei bidreg med til det frivillige.
— VAF har vore veldig viktige for frivillighet og for at prosjekta har blitt realisert. Og nå føler eg at kommunen også er på rett kjøl, seier han.
Starta i ungdomsåra
Engasjementet for frivillig arbeid starta i 14 års alderen då han var med å skaffa pengar til Tensing i Ølen. Så gjekk vegen vidare som sivilarbeidar for KFUM etter at han runda 20. Etter den tid har han alltid hatt eit eller anna på gang.
— Det kvernar noko i hovudet mitt heile tida, og det hender også at det kjem noko ut av det, smiler han.
Drivkrafta som får han til å halda på med frivillig arbeid år etter er år er gleda arbeidet gir.
— Frivillighet er viktig for heile Norge og særs for bygdene våre. Det er kjekt å vera med og det gir meg masse. Å få gjera noko saman med andre gir meining.
Travelt
Med jobb i Omega og Næringshagen, og som hytteeigar både på Vågslid og Fjelberg har prisvinnaren nok å hengja fingrane i tillegg til dei mange stundene han set av til dugnadsarbeid.
— I periodar stel dugnadsarbeidet mykje av fritida. Eg har ei tolmodig kone, seier firebarnsfaren som likar å ha kone og barn med på det frivillige arbeidet.
— På fritida reiser me ofte på hytta, og særs hytta på Fjelberg brukar me mykje. Elles spelar eg litt bassgitar og er med i bandet “Amerikalinjen”, avsluttar vågsbuen som med tida kan kalla seg skjoldabu.
— Me har snakka om å byggja på Vikaneset, avslører han.
Klar vinnar
Årets vinnar drog av garde med 37% av stemmene. Det er eit solid forsprang til neste kandidat.
— Det blei ein klar vinnar som fekk nesten dobbelt så mange stemmer som nummer to. I år har me sett eit veldig godt engasjement og me har fått inn rekord mange stemmer, seier redaktøren i Grannar, Arne Frøkedal.
— Det er flott at folk engasjerer seg og Grannar meiner det er viktig å få fram personar som engasjerer seg i lokalsamfunnet, både gjennom nominasjon og ein verdig vinnar.
Seks personar var nominert til Årets namn 2015 som vart arrangert for tiande gong. Om ikkje så altfor lenge vil vinnaren bli heidra med ei gåve.
— Vinnaren vil få eit kunstverk som vil bli delt ut ved eit passande høve, opplyser Frøkedal.