Arbeidarpartiet, KrF, Senterpartiet og SV har no framforhandla eit heilskapleg forslag til fylkesrådmannen si innstilling til skulebruksplanen 2017-2030. Ap, KrF og Sp som er dei tre styrande partia i opplæringsutvalet har no fått med seg SV og har dermed danna fleirtal. I forslaget støttar politikarane rådmannen sitt framlegg om at Etne vgs skal samordnast med Ølen vgs i ein felles vidaregåande skule lokalisert i Ølen. Dermed ser det ut til at det definitivt er slutt for Etne vgs i Skakkesenteret sine lokale frå hausten 2017, ettersom Rogaland fylkeskommune har signalisert at den ikkje kjem til å gå inn på noko leigeavtale med Hordaland. Dette melder Emil Gadolin (Ap), utvalsleiar i opplæringsutvalet, Tor Andre Ljosland (KrF), Alexander Fosse Andersen (Sp) og Marte Hammer (SV) i ei pressemelding onsdag ettermiddag.