Ambulansen frakta sjåføren til sjukehus.
Foto: Torstein Nymoen
Ambulansen frakta sjåføren til sjukehus. Foto: Torstein Nymoen

Utforkøyring i Vats

Ein eldre mann blei sendt til Haugesund sjukehus med ambulanse etter ei utforkøyring på E134 i Vats måndag morgon. Andre bilar var ikkje involverte i ulukka som skjedde på ei rett strekkje ved Eikelandsmyrane. Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund reknar med at utforkøyringa har ei medisinsk årsak. Bilen var på veg vestover då den hamna på eit jorde på høgre side av vegen.