Vestlandsbonden har kome dårlegare ut enn gjennomsnittet dei siste åra, og har ingen vekst i inntekt dersom ein ser alle under eitt, viser ferske tal frå Norsk institutt for bioøkonomi. Og regjeringa vil forsterke dette ytterlegare i den nye stortingsmeldinga om jordbruket, meiner næringa.
— Det er ingenting konkret i denne meldinga som vil rette opp i den skeive utviklinga som er mellom store og mindre bruk. Ytterlegare sentralisering av jordbruket ligg inne i fleire av forslaga i stortingsmeldinga, og det er eg bekymra for, seier Jan Idar Haugen, skjoldbonde som er styremedlem i Rogaland bondelag.
Kort sagt skal meldinga gi svar på i kva retning jordbruket skal gå i framover.
Signalet er marknad
Sentralisering og ytterlegare favorisering av stordrift i jordbruket blir konsekvensen av fleire forslag i den nye stortingsmeldinga om jordbruket, er dommen hos både Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag.
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) sine framtidsvyar om ein framtidsretta jordbruksproduksjon er å overlate meir til marknaden og å ha mindre politisk styring av norsk landbruk.
Haugen i Austrheimsbygda driv sjølv ein stor produksjon i Vindafjord sin målestokk, og han er bekymra for at marknaden skal overta styringa av jordbruket, slik Frp kjempar for.
— Samanlikna med mange andre land fungerer det godt i Noreg med eit politisk styrt landbruk. Det gir rom for eit desentralisert landbruk med både store og mindre bruk, plass til familiebruket, god mattryggleik og gode produkt, og med lite bruk av antibiotika. Dette er det fort gjort å tukle med dersom vi får meir liberalisme slik landbruksministeren vil, og at marknaden tar over styringa, seier Haugen.
Når signalet frå Frp-statsråden er så klart i retning marknad og mindre politisk styring, ser Haugen det som positivt at det i denne omgang ikkje er fleire konkrete forslag i den retninga enn det er.
Ytterlegare sentralisering av jordbruket ligg inne
Samla bondestand
Går distriktslandbruket fløyten med eit stadig meir industrialisert landbruk, går noko tapt for Noreg, meiner gardbrukaren i Skjold.
— Det er berre å sjå til Danmark som har vore gjennom dette og overlate alt til marknaden. Resultatet er store strukturendringar, men likevel slit mange med økonomien. Bøndene har fått større gjeld og det er mange konkursar. Det er ikkje vanskeleg å få kjøpe seg eit gardbruk i Danmark for tida, seier han.
Den store vekta på marknad og at norsk landbruk skal konkurrere med utlandet, meiner Haugen er ein feilslått modell.
— Vi taper denne konkurransen uansett, og difor må til ha eit regulert og politisk styrt landbruk med plass for distriktslandbruket, seier han.
Haugen meiner dei aller fleste, også dei som drar fordelar av å prioritere stordrift, er for eit landbruk som tar vare på dei mindre bruka.
— I meldinga er det punkt som ein kan sjå fordel av sjølv, men ein må sjå landet og jordbruket i samanheng. Det er ei haldning også dei fleste jærbøndene har, seier han.
Stolar på Venstre og KrF
Haugen set sin lit til at fleirtalet på Stortinget seier nei-takk til fleire av forslaga som ligg i meldinga. Han håpar at regjeringa sine støtteparti, Venstre og KrF, bidrar til ein litt annan kurs. Det har desse partia gjort tidlegare, sist i forliket om statsbudsjettet for neste år, der dei fekk fjerna forslag som skulle det gjere det meir gunstig for aksjeselskap å drive jordbruk.
Men Haugen ser også ting i den nye jordbruksmeldinga han synest er bra. Blant anna at det blir slått fast at ein skal produsere korn der det ligg til rette for det, og grasproduksjon andre stader. Grovt sett korn på Austlandet og mjølk i andre delar av landet.
— Det er også positivt at marknadsordninga for kumjølk og kjøtt blir nokolunde slik den er i dag. Sjølv om det ikkje er konkrete forslag, skal norsk produksjon av storfekjøt auke, og det er bra sidan det er for lite i dag.
Større mjølkeregionar
Men han har ei lengre liste på minussida som han meiner vil føre til sentralisering av jordbruksproduksjonen. På toppen av denne lista står halvering av dagens mjølkeregionar, og at marknadsordninga for egg og geitemjølk skal vekk. Han meiner det er eit uheldig forslag at beitetilskot på innmarksbeite skal forenklast til fordel for utmarksbeite.
— Større og færre område for kjøp av mjølkekvoter er dei fleste samde om vil føre til sentralisering og gå ut over distrikta. Tar ein vekk marknadsordningar blir resultatet kontraktproduksjonar som gir kjedene meir makt og bøndene må ta risikoen med å få selt det dei produserer, seier Haugen.
Han meiner landbrukspolitikken dagens regjering vil ha, går i retning av at det ikkje skal vere forskjell på om det er produksjon av spiker eller mat. Det er ingen god medisin for landbruket slik ein kjenner det i dag, er konklusjonen.
Eigen region for Jæren
Statssekretær Terje Halleland (Frp) meiner norsk landbruk må gjennom endringar for å overleve, men han erkjenner at kritikken mot Frp-jordbruket er sterk.
Krigserklæring og distriktsuvennleg er karakteristikkar som blir brukt om den nye meldinga om jordbruket som regjeringa har lagt fram.
— Vi meiner stortingsmeldinga er balansert og vi tar vare på ei næring for heile landet, og som vi trur vil få fleirtal på Stortinget. Dersom vi fekk boltre oss fritt ville vi gått lenger enn dette, seier Terje Halleland, statssekretær i Landbruksdepartementet.
Målet er på sikt la marknaden ta over det meste og avregulere landbruket.
Lulle inn i tollvern
— Vi kan ikkje lenger lulle oss inn i at tollvernet skal redde oss. Vi må leggje til rette for eit landbruk som kan møte den internasjonale konkurransen. Då kan vi ikkje vere tilfreds med status quo, seier han.
Halleland meiner for få er klar over at tollvernet er under kraftig press, og viser til at importen av jordbruksvarer auka frå 26 milliardar i 2006 til 52 milliardar i fjor.
Å innføre ti regionar for omsetning av mjølkekvoter her i landet er det forslaget som i størst grad kan forandre dagens jordbruk. Halleland meiner ikkje alle prøver å forstå kva dei vil gjennomføre.
— Vi kan ikkje sementere mjølkekvotene og hindre bønder som vil investere. Det gjer dagens regionar. Det er ingen grunn til at bønder i Vindafjord skal betale 16 kroner literen og kollegaer i Etne 6 kroner. Eg stiller spørsmålet om kvifor ein skal begrense investeringar i Vindafjord samanlikna med det som skjer i Sunnhordland, seier han.
Konkurrere om mjølk
Halleland meiner Jæren kan skiljast ut som ein eigen region for omsetning, og at det dermed kan bli likare konkurranse om mjølkekvotene på resten av Vestlandet.
— Jæren er spesiell, men for resten av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane kan den som betaler mest få kjøpe. Dei betalar meir fordi dei meiner å ha eit grunnlag for det. Det ønskjer vi å stimulere, og vi kan få ein likare pris på Vestlandet, seier Halleland.
Han ser på dreiinga mot å gi tilskot til utmarksbeite som kanskje det viktigaste tiltaket i meldinga.
— Målet er ikkje å spare pengar, men å ta imot nye ressursar, seier han.
Halleland vil ikkje forskottere kva støttepartia Venstre og KrF vil går inn for i meldinga.
Vil forenkle og marknadsstyre
Norsk landbruk er kanskje den mest regulerte produksjonen i landet. Det vil dagens regjering ha slutt på.
Men i næringa blir den nye stortingsmeldinga oppfatta som ei krigserklæring på fleire frontar. For landbruksministeren er meldinga ei vidareføring av målet om å endre strukturen i jordbruket, der det første steget kom i 2014 med å heve produksjonstaket for mjølk og doble konsesjonsgrensene for kylling for å gi armslag for større bruk.
Her er sentrale punkt Frp-landbruksministeren presenterer i den nye meldinga:
- 10 regionar for omsetning av mjølkekvoter mot dagens 19 som går etter fylkesgrensa. Ikkje tilfeldig sidan regjeringa også vil ha 10 regionar som erstatning for dagens fylke. Målet er å skape kostnadseffektiv produksjon. Med andre ord at større produsentar skal kunne skaffe seg større kvoter. Kjøpesterke område vil få lettare tilgang til kvoter.
- Auka arealtilskot til korn i korndistrikta og redusere til gras i dei same områda. Vil styrke den geografiske arbeidsdelinga som bøndene er for.
- Avtalesystemet med sentral jordbruksavtale skal stå fast. Det same gjeld inntektsmålet.
- Fjerne marknadsordninga for egg og geitemjølk, men stort sett behalde den for kumjølk (Tine) og kjøtt (Nortura). Nytt at marknadsregulatoren Nortura får dobbel mottaksplikt og må også ta imot overproduksjon frå private slakteri.
- Skal vurdere endringar ved at arealuavhengige produksjon som gris, skal konsentrerast nærmare slakteri for å unngå transport og få ned kostnader. Argumentet er miljø og økonomi.
- Avvikle fleire velferdsordningar for bønder ved å fjerne tilskot til avløysar ved sjukdom og fødsel, ferie og fritid, og dessutan avvikle tidlegpensjon for bønder.