Snø i lysløypa

Januar har starta med nysnø i Grannar-distriktet, og dermed er det også mulig å ta årets første skitur lokalt. Friluftsrådet Vest melder om fem til ti centimeter snø i området Opheim – Fjellstøl skianlegg. — Vindafjord IL har tromla og laga løype i traseen der det er lys, så det er gode forhold både for skøyting og klassisk skigåing, opplyser Andreas Dunkley i Friluftsrådet etter ein inspeksjon i lysløypa onsdag. Det er førebels ikkje laga løype inn til Olalia, men det er også mogeleg å ta turen heilt inn på ski for dei ivrigaste.