Politi og Statens vegvesen si ulykkesgruppe i sving på ulukkesstaden sundag kveld.
Foto: Jon Edvardsen
Politi og Statens vegvesen si ulykkesgruppe i sving på ulukkesstaden sundag kveld. Foto: Jon Edvardsen

Namnet frigitt

Politiet er interessert i å koma i kontakt med vitne etter dødsulykka i Ølen sundag kveld.

Det var Arnhild Lone (72) frå Ølen som omkom i ulykka. Politiet friga namnet måndag ettermiddag.

Både krimteknikarar og Statens vegvesen si ulykkesgruppe er involvert etter ulukka på E134 i Ølen der kvinna mista livet. Det er Vindafjord lensmannskontor som leiar den vidare etterforskinga.

— Me har så langt eitt vitne til ulukka, ei dame som kom i ein bil like etter og i same retning som den involverte bilen. Dersom det er andre trafikantar eller personar i området som har sett noko, ber me desse ta kontakt med oss, seier lensmann Ingvar Gjærde til Grannar.

Politiet kan førebels ikkje seia så mykje om sjølve ulukka, men opplyser at den har skjedd i eller like ved fortgjengarfeltet som går over E134 ved Shell-stasjonen i Ølen. Om fotgjengaren kryssa eller gjekk langs vegen, kan etaten ikkje seia noko om.

Bilen med to personar i, var på veg vestover og skulle til legevakta i Ølen. Dei er tilbydd hjelp og blir fylgd opp av kommunen sitt kriseteam. Politiet har rutinemessig tatt prøvar av sjåføren og inndrege førarkortet, men det det er ikkje mistanke om promillekøyring eller for høg fart. Det er 50-sone på staden.

Den omkome vil bli sendt til Gades institutt for obduksjon i løpet av veka.

E134 var stengt i fleire timar etter ulukka som skjede sundag like før kl. 19.30, og blei først opna like før midtnatt.