Måndag 1. mai er siste frist for å legga piggdekka på lager. I følgje regelverket skal dekka skiftast innan første måndag etter 2. påskedag. For Nordland, Troms og Finnmark gjeld andre reglar.
I samband med dette har If Skadeforsikring vore ute med åtvaring mot å legga dekka på lager utan å vaska dei først. Dersom ein ikkje vaskar dekka grundig, kan både friksjonsevnen til dekket og mjukheita til gummien bli unødvendig svekka, opplyser teknisk sjef Vidar Brustad i If.
Dermed er det berre til å finna fram svamp og såpevatn, for å få bort asfalt, salt og kjemikala som har festa seg på dekket og felgen.