Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. 
Foto: Jon Edvardsen
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. Foto: Jon EdvardsenBilde 1 av 6
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. 
Foto: Jon Edvardsen
Det var stor utrykking frå fleire brannstasjonar, men Sandeid brannvesen fekk rask kontroll over flammane frå bakken. Foto: Jon EdvardsenBilde 2 av 6
Sandeid kyrkje i dagslys etter brannen i natt.
Foto: Elin Lothe Haga
Sandeid kyrkje i dagslys etter brannen i natt. Foto: Elin Lothe HagaBilde 3 av 6
Brannen vart meldt klokka 00.42 i går natt etter at lynet slo ned i tårnet i Sandeid kyrkje. Snorkelbil frå Haugesund til høgre. Foto: Jon Edvardsen
Konsulentar har laga rapport om samarbeidsproblem og misnøye i Haugaland brann og redning. Å styrke lokal involvering og styring på dei 20 brannstasjonane er eitt av forslaga. Her frå brannen i Sandeid kyrkje. Arkivfoto: Jon EdvardsenBilde 4 av 6
Det er førebels ukjent kor stort skadeomfanget er. Foto: Jon Edvardsen
Det er førebels ukjent kor stort skadeomfanget er. Foto: Jon EdvardsenBilde 5 av 6
Kraftig skade i tårnet etter brannen i natt.
Foto: Elin Lothe Haga
Kraftig skade i tårnet etter brannen i natt. Foto: Elin Lothe HagaBilde 6 av 6

Slo ned i tårnet

Kraftig lyn slo ned i Sandeid kyrkje i natt, og tårnet stod i full fyr.

Rask handling frå Sandeid brannvesen hindra at flammane fekk spreie seg vidare i bygningen.

Det var full utrykking frå brannstasjonane i Sandeid, Ølen, Etne og Skjold, og i tillegg kom det snorkelbil frå Haugesund.

— Det var eit kraftig smell og eg hoppa i senga, fortel Kjell Selvaag i Sandeid brannvesen om det lokale uvêret med kraftig nedbør med lyn og torden.

Blåste ut

— Brannen har truleg starta ved lynnedslag i tårnet og to vegger er blåst ut, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt som fekk melding om brannen klokka 00.42.

Utvendig er det tårnet som er brannskadd, og restverdibil var på plass i Sandeid i natt.

Politiet meldte seinare om natta at brannen var under kontroll.