Meld for bålbrenning

Brannvesenet fekk først melding om ein mogleg brann i Skånevik rett før klokka elleve søndag kveld. Men det viste seg å vere eit stort bål. Også politiet kom til staden, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.

Ifølgje brannvesenet var det store bålet uforsvarleg og beordra det sløkt. Den ansvarlege for bålet, ein mann i 20-åra, vart avhøyrd og er meld for episoden.