FOTO: TORSTEIN NYMOEN
FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Trafikkulykke på E134

Påkøyrd bakfrå ved Knapphus.

Fire personar er køyrd til legevakt for sjekk etter ei trafikkulykke på E134 ved Shell-stasjonen på Knapphus torsdag ettermiddag.

Påkøyrd bakfrå

— Det var to bilar involvert. Den eine bilen har køyrd inn i den andre bakfrå, seier operasjonsleiar Rune Plassen ved Sør-Vest politidistrikt.

Bilane, ein personbil og ein liten varebil, var på veg vestover då ulykka skjedde.

Vegen opna

Ulykka skjedde rundt klokka 16.30. Hendinga skapte trafikale problem på staden ei stund, men vegen var opna for fri ferdsel cirka klokka 16.55.

Det er ifølgje politiet sin operasjonsleiar truleg ikkje snakk om at nokon har blitt alvorleg skada i ulykka.