Av Arne Frøkedal og Torstein Tysvær Nymoen
Det er fredag morgon full utrykking til den 7.400 meter lange Årkrafjordtunnelen etter melding om at ein varebil med hengar har køyrt i fjellvegen. Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund opplyser at bilen er lasta med eksplosiv vare, men at det er trygt for naudetatar å ta seg inn. Tunnelen på E134 i Etne er stengt.
Ventar på kyndige
Ulykka har skjedd to til tre kilometer inne i tunnelen frå Kyrping-sida. Det skal ligga vrakdelar spreidd inne i tunnelen og politiet ventar på kyndige som kan handtera sprengstoffet.
Operasjonsleiar Nina Fagerland ved Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund, Nina Fagerland opplyser til Grannar i 09.30-tida at sjåføren er tatt ut av bilen av redningsmannskap og frakta til sjukehus i Haugesund i ambulanse for sjekk. Det skal berre dreia seg om kuttskade.
Omkøyring
Sjåføren er ein mann i 20-årsalderen frå distriktet. Han køyrde truleg for eit firma. Ingen andre bilar var involvert i ulykka.
— Tunnelen er stengt og evakuert, og me ventar på nå på sprengstoffekspertar for å handtera lasta.
— Kva tid kan tunnelen bli opna igjen?
— Det veit me ikkje. Det er omkøyringsveg for mindre bilar, medan lastebilar og vogntog må venta, seier operasjonsleiaren.
Politiførstebetjent Kjetil Nesbu frå Etne og Vindafjord lensmannskontor som er på staden, opplyser at det vil gå lang tid før tunnelen er opna.
Det deltar to politipatruljar frå Haugesund og éin frå Etne og Vindafjord lensmannskontor i aksjonen, samt to brannbilar frå Etne og éin frå Skånevik. Dette i tillegg til helsepersonell.
Klokka 10.30 melder politiet at tunnelen vil opna først om 2-3 timar.
SISTE FRÅ POLITIET KL. 13.49: Alle eksplosivar er ute av tunnelen. Bilberging på veg inn.