Monica Hundseid nyt morgonstunda i hovudleiren. Med toppen i bakgrunnen.
Foto: Privat
Monica Hundseid nyt morgonstunda i hovudleiren. Med toppen i bakgrunnen. Foto: PrivatBilde 1 av 14
Små i det store. På veg mot camp 2. Vertikale isveggar, djupe sprekkar og store isblokker som må forserast for å nå høgare høgder.
Små i det store. På veg mot camp 2. Vertikale isveggar, djupe sprekkar og store isblokker som må forserast for å nå høgare høgder. Bilde 2 av 14
Trening må til. Bortanfor hovudleiren ligg enden på brefronten. Her isklatrar ekspedisjonen og øvar seg til brefallet lengre opp på bildet under toppen. Utstyr som stegjern, repell, jumar, isøks blir tatt i bruk. Sikkerhet først!
Trening må til. Bortanfor hovudleiren ligg enden på brefronten. Her isklatrar ekspedisjonen og øvar seg til brefallet lengre opp på bildet under toppen. Utstyr som stegjern, repell, jumar, isøks blir tatt i bruk. Sikkerhet først! Bilde 3 av 14
Hudre år tilbake i tid. Ein av mange landsbyar dei passerte. Her to lokale kvinner som jobbar hardt for fast føde. Det er ikkje uvanleg at sherpaer som jobbar som bererar, ber bører opp mot 100 kg på ryggen. Med ein lurt smil om munnen. Eit folkeslag utan om det vanlege.
Hudre år tilbake i tid. Ein av mange landsbyar dei passerte. Her to lokale kvinner som jobbar hardt for fast føde. Det er ikkje uvanleg at sherpaer som jobbar som bererar, ber bører opp mot 100 kg på ryggen. Med ein lurt smil om munnen. Eit folkeslag utan om det vanlege.Bilde 4 av 14
Moa føler det er viktig å bidra med noko med det første ein er blant alle dessa flotte folka. I fjor som i år fekk ho eit lager frå Ulvang av ullklede og delte ut til landsbyen Samagoun.
Moa føler det er viktig å bidra med noko med det første ein er blant alle dessa flotte folka. I fjor som i år fekk ho eit lager frå Ulvang av ullklede og delte ut til landsbyen Samagoun. Bilde 5 av 14
Puja! Er ein veldig fin tradisjon frå sherpane sin kultur. Her ber me om å få besøka fjellet, kvart fjell har ei gudinna ifølgje sherpane. Her velsigner ein lama (prest) klatreutstyret til ekspedisjonen, og etterpå er det god mat og god stemning.
Puja! Er ein veldig fin tradisjon frå sherpane sin kultur. Her ber me om å få besøka fjellet, kvart fjell har ei gudinna ifølgje sherpane. Her velsigner ein lama (prest) klatreutstyret til ekspedisjonen, og etterpå er det god mat og god stemning. Bilde 6 av 14
Akklimatisering betyr og kvile. Pusta, drikka og kvila. Her Monica Hundseid i teltet sitt hovudleiren.
Akklimatisering betyr og kvile. Pusta, drikka og kvila. Her Monica Hundseid i teltet sitt hovudleiren. Bilde 7 av 14
Brefallet. Eit brefall er ofte i stor bevegelse. Turen opp var ofte forskjellig frå turen ned. Breen smeltar og lagar større bresprekkar, isblokker som breier seg ut og vil ned mot den grøne skogen.
Brefallet. Eit brefall er ofte i stor bevegelse. Turen opp var ofte forskjellig frå turen ned. Breen smeltar og lagar større bresprekkar, isblokker som breier seg ut og vil ned mot den grøne skogen. Bilde 8 av 14
Stupaen (buddhistisk kulturbygning) til Moa & co med flotte bønneflagg.
Stupaen (buddhistisk kulturbygning) til Moa & co med flotte bønneflagg. Bilde 9 av 14
Hovudleiren i eit vilt og karrig landskap mange tusen meter over havet.
Hovudleiren i eit vilt og karrig landskap mange tusen meter over havet.Bilde 10 av 14
Frå camp 2. Natta har vore roleg trass nokre snøskred, fortel eventyraren frå Vikedal.
Frå camp 2. Natta har vore roleg trass nokre snøskred, fortel eventyraren frå Vikedal.Bilde 11 av 14
Den ekstremt tynne lufta gjer det nødvendig med oksygentilførsel.
Den ekstremt tynne lufta gjer det nødvendig med oksygentilførsel.Bilde 12 av 14
Vakkert, men kaldt, ekstrem og farefullt.
Vakkert, men kaldt, ekstrem og farefullt.Bilde 13 av 14
Monica «Moa» Hundseid balanserer mellom det eksotiske og ekstremt farlege i Nepal, her på ein av leiarane før den siste stigninga mot toppen, over 8.000 meter over havet.
Foto: Privat
Monica «Moa» Hundseid balanserer mellom det eksotiske og ekstremt farlege i Nepal, her på ein av leiarane før den siste stigninga mot toppen, over 8.000 meter over havet. Foto: PrivatBilde 14 av 14

Moa på farefull ferd

Eventyraren Monica Hundseid, med kallenamnet Moa, er i ferd å gjennomføra sin tøffaste tur. Her er første av to reisebrev frå 24-åringen frå Vikedal, på den farefulle ferda opp til Manaslu, meir enn 8.000 meter over havet i Nepal.

Namaste!: Skred. Me vaknar til skred. Me sovnar til skred. Me et maten vår imens skred fyller tomrommet i fjellet. Respekt og audmjuke, spreier seg blant gruppa.

Førebuingar til ein 8.000 meter topp er veldig forskjellig frå person til person. Eg er vel meir gamaldags av meg, held meg helst i fjell, lite trenigstudio på meg. Å gå med tung sekk i vestlandsfjella er ein av dei beste treningsrundane. Men etterkvart har det blitt nokre langturar til fots og på ski som set i kroppen, så eg trenar svært lite spesifikt før ein tur. Andre eg snakkar med går på vitamin, medisinar og har heftige treningsplanar. På høge fjell er det mykje medisinar ute og går, diamox og kraftige medisinar som enten tynnar ut blodet eller tar vekk andre plager tynn luft medfører. Eg meiner at dersom kroppen ikkje toler høgda så bør ein heller ikkje fremja prestasjonen med medisinar. Kroppen gir beskjed kva ein er i stand til, då skal ein vera forsiktig med å pressa den deretter.

Største førebuinga er å gjera hovudet klar for kva som vil vera i vente. 90 prosent sit i hovudet. Du kan vera gjennomtrent og sprek som fy, men viss du ikkje har det i topplokket så kjem du ikkje langt i denne sporten. Når eg har guida folk på forskjellige kontingent, ser ein fort forskjellen på folk. Ein kraftig kar med 20 kg for mykje kan fort grusa ein kar som er topptrente fordi forskjellen ligg i toppetasjen. Forventingar, vilje og gjennomføring.

viss du ikkje har det i topplokket så kjem du ikkje langt i denne sporten

Annapurna-området er omtala til å vera blant verdas finaste område. Eg er her for å klatra eit av dei farlegaste fjella på kloden, Manaslu 8.163 m.o.h. Det er vel bra mange etterkvart som lurer på kvifor eg set meg i denne situasjonen av risko og fare for livet. Men det er ikkje det det handlar om, det er berre ein av faktorane ein slik ekspedisjon inneber. Først og fremst er det at eg har eg lyst til å klatra det fjellet. For det andre har eg muligheita til å gjera det. Og for det tredje så står fjellet der, så kvifor ikkje!

Sjølv har eg godtatt den risikoen livsstilen min inneber. Ein må gi og ta, ein kan ikkje garantera livet sitt i stein viss ein skal halda på med akkurat det min livsstil inneber, den livsstilen eg elskar.

Dødsprosent

Manaslu har ein dødsprosent på 17 prosent og er rekna som eit av dei farlegaste fjella i verda, mykje på grunn av rasfaren. Eg sjølv reknar heller at eg har 83 prosent sjanse for å overleva eit summitpush. Erfaring, respekt og audmjuke set ein i ein betre situasjon enn mange andre som har pengar og prestisje i baklomma.

Etter sju dagars gange gjennom landsbyar, fattigdom og fjellpass på over 5.000 meter, har me endeleg landa i basecampen. Ein hovudleir på 4.800 meter over havet. Her vil me kvila, restituera og akklimatisera oss før me gjer oss klar for eit summitpush, mot toppen av åndefjellet Manaslu.

Mykje skal organsiserast, testast og feilast før me i det heile tatt får smaka på fjellet.

Neste prosjekt er nå å gjennomføra første rotasjon i fjellet. Her på camp 1 overnattar me før me går vidare med ekspedisjonstøvlar, stegjern, jumar, repell og isøks til camp 2. Ettersom rasfaren er så stor i camp 2, der elleve omkom i ei skredulykke for nokre år tilbake, går me direkte frå camp 1 til camp 3. Returnerer deretter til hovudleiren igjen, før ny rotasjon og deretter vil forma og forholda avgjera om me får besøka toppen.

Hundre år attende

Det eg elskar med Nepal er blandinga med folka, dalane med landbruk i landsbyane og dei mektige store kvite fjella. Familiane har ikkje har stort mykje å rutla med når det kjem til økonomi, men dei er ein av dei folkeslaga eg har møtt som deler det litle dei har, og sjølv om endane aldri har møtst, så smilar dei for det òg! Det er sjeldne syn i den vestlege verda. Å vera blant dessa landsbyane er som å reisa tilbake hundre år. Dei brukar hest og kyr i landbruket, mens dei kokar maten på vedomnen, vaskar kleda i bekken og tettar hola i husveggen med kuskit, som også blir brukt som brensel.

Joik i fjellet

Ekspedisjonsleiaren heiter Mingma Tserri Sherpa (48), som er ein del av sherpa familien som har verdsrekorden på å besøka Mount Everest flest gonger. Mingma har besøkt toppen av verda heile 19 gonger og er leiar av firmaet Ascent Himalayas. Det er ei æra for meg å få vera med som gruppeleiar for denne epskepdisjonen med desse vanvittig flinke fjellklatrarane, og gode vennene.

ei æra for meg å få vera med som gruppeleiar med desse vanvittig flinke fjellklatrarane

Basecamplivet er eit sirkus av folk som elskar fjellivet! Det er nasjonar frå alle det sju kontinenta. Ettersom gruppa vår består av fem ulike språk, går det av dei orda eg hugsar frå spansktimane på Vikedal skule og litt japansk eg lærte på jordomreising. Med andre ord; godt blanda språk med lett stemning i bakhald! Eg har derimot introdusert gruppa for joiking, så det har ikkje gått lange tida før største delen av basecampen joikar til morgonsola og kveldsstjernene. Plutseleg var alle frå éin nasjon! Du kan jo sjølv sjå føre deg ein japanar som joikar … (hehe)

Neste rapport vil enten bestå av jubel og glede av følelsa av å nå toppen, eller skuffelse dersom forma, forholda eller situasjonen ikkje skulle strekka til! Uansett, er det berre til å nyta fjella imens og vera takknemleg for at eg får halda på med akkurat det er ønsker i livet, og dei som er glad i meg held ut med eventyrlysta mi!

Fjellhelsingar frå Nepal!

Moa