I lokala der den tidlegare malarbutikken like ved Europavegen heldt hus er det igjen full aktivitet. Malingspanna som tidlegare fylte hyllene i butikken er byta ut med kremar, hårkurar og fargevæsker, og langs den eine veggen står frisørstolane på rekkje og rad. To komfortable kvilestolar har fått plass ved hårvaskane, og med eit lett trykk på handkontrollen stiller fotstøtta seg i rett posisjon slik at kunden kan få kvila føtene medan frisøren fyller håret med shampoo og balsam. Hårtørkene er forma som designlampar og trendy flaggermusstolar har fått plass i venteområdet. Den nye frisørsalongen midt i Ølen sentrum er smakfullt innreia.
— Eg har lagt vekt på design og komfort. Eg hadde lyst til å skilja meg ut med ein fin salong og ynskjer at interiøret skal gje litt luksusfølelse, seier Silje Digernes Lothe og viser rundt i salongen som ho håpar skal fyllast med nye og gamle kundar.
Førebels er det berre eigaren sjølv som skal syta for at alle kundane får førsteklasses service, men med tida håpar ho å få fleire med på laget.
— Eg startar aleine, men håpar å tilsetja fleire seinare. Eventuelt ein lærling også med tida, seier 31-åringen som står bak eitt av 31 nyetablerte føretak i Etne og Vindafjord så langt i år.
Eg har lagt vekt på design og komfort
Silje Digernes Lothe, frisør
Mange om beinet
Med den nye frisørsalongen i Kyrkjehompen aukar talet på frisørsalongar i Ølen/Vågen til sju, men den unge frisørgründeren ser lyst på framtida sjølv med mange konkurrentar i nabolaget.
— Eg var veldig uroleg ei tid for om dette ville gå, men nå er bestillingane byrja å tikka inn, fortel Lothe som tar i mot bestilling både via nett og telefon.
Med 12 års fartstid hos sin tidlegare arbeidsgjevar like nede i gata har ho opparbeidd seg ein eigen kundekrets som ho håpar vil stikka innom den nye salongen.
For heilt sidan ho var ferdig utdanna frisør i 2006 har Frisørhuset i Ølen vore hennar faste arbeidsplass. Her har ho hatt mange fine år, men draumen om ein eigen salong har alltid lege på lur.
— Eg trivst svært godt på Frisørhuset og hadde det topp der, men eg ynskte å driva for meg sjølv. Nå er ungane så store at det er lettare å satsa, og då lokalet her i den gamle malebutikken blei ledig ved nyåret bestemte eg meg for å satsa, seier frisøren som er mor til tre barn i alderen 4, 8 og 10 år.
Investering
Sjølv om lokalet er leigd har Lothe investert store summar i inventar.
— Ventilasjon og innreiing har eg kosta sjølv. Eg har investert rundt ein halv million i arbeidsplassen, så nå får eg håpa kundane vil koma, seier ho og smiler.
I tillegg til å stella håret til folk tek ho på seg å pynta brurer, leggja sminke og farga bryn, og med tida håpar ho å satsa på spesialtilbod til mannfolka i distriktet.
— Eg har lyst til å starta med barbering, men først må eg kursa meg litt. Det er ingen som driv med det her i vårt distrikt, seier ho.
Sax Design AS kan tilby hårprodukt av det tradisjonelle slaget, og i tillegg kan ein finna eit godt utval av miljøvenlege produkt i hyllene.
— Eg har gått for eit dansk merke som har miljøvenlege og parabenfrie produkt. Eg ynskjer å tilby kundane litt andre produkt enn ein vanlegvis finn i frisørsalongane og eg ynskjer at mest mogleg skal vera grønmerka, seier ho.
Triveleg yrke
Medan stadig fleire frisørar vel å hoppa over til andre yrke etter nokre år i jobben på grunn av eit belastande yrke, har den ferske salongeigaren ingen planar om å skifta beite.
— Eg trivst godt i frisørjobben. Den har blitt kjekkare og kjekkare og det er fint å møta folk. Eg har utvikla meg dei siste åra og nå føler eg meg trygg i jobben. Den nye salongen er ei utfordring som eg synest er kjempekjekk, seier kvinna bak nyskipa Sax Design AS og gler seg til å ta fatt på nye utfordringar i åra som kjem.
Nyregistrerte firma
Til saman 31 firma i Etne og Vindafjord er oppført som nyregistret i Brønnøyssundregisteret sidan årsskiftet. 14 firma i Vindafjord og 17 i Etne er etablert etter første januar 2018. Av desse er 21 registrert som aksjeselskap.
Nyetableringar registrert i Brønnøysundregisteret:
VINDAFJORD
BJBLIKK AS
BJØRKHAUG ENTREPRENØR AS
CHRISTIANSEN AS
CLARUS AS
GRANBERGS HUGGERI
JOSTEIN OG ØYSTEIN VETRHUS ANS
NESHEIM EIENDOM AS
SAX DESIGN AS
STAKNES TURVOGN AS
SVEIN CATO BIRKELAND
TONERA MANTAS JOKSAS
TRUE BLUE MATRE AS
VIKEDAL KRO OG MOTELL AS
XL-BYGG HAUGALANDET AS
ETNE
ABC GAMLESKULEN AS
ÅKRAFJORDEN NATURE B&B
ANDERS ANDERSEN
AWSM TAK AS
BYRAAPARTNER ÅSE BERGE
EGIL KAMBO
ELKON NORGE AS
EØS BYRÅ OG BLOMSTER AS
FIKSE RENGJØRING AS
FJELLSTAD HYTTA AS
FJÆRA GAMLE SKULE AS
FRISØRBILEN AS
GORDON AS
LUNDEBØ AS
MARIANNE EIKJELAND
ROBLAI HOLDING AS
WAI PANSANTHIA VARM MAT