Det blei delte ut nokre knyttnevar mellom to menn. Elles gjekk helga fint føre seg.
Natt til laurdag var det knuffing mellom to menn i 20-årsalderen i Vikedal.
— Det er snakk om ein liten kroppskrenkelse, men ingen kroppsskade, fortel Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.
Hendinga skjedde i 03-tida, og blei observert av politiet. Begge dei involverte er tilhøyrande i distriktet. Det vil bli tatt avhøyr og saka kan få etterspel. Elles kan Austrheim melde om ei roleg helg for politiet.