Til sjukehus etter ulykke

— Det var sjåføren som sjølv melde frå om ulykka, fortel operasjonsleiar Brit Randulff ved Sør-Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06.19.

Var medviten

Sjåføren skal ha vore åleine i bilen. Han var på veg frå Haugesund til Odda. Tilstanden hans er ikkje kjend, utover at han klaga på smerter i ryggen.

Ambulansepersonellet som kom til staden har opplyst om at det var glatt føre på staden

Brit Randulff, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt

Han var medviten då ambulansepersonell kom til staden. Han satt ikkje fastklemd, men bilen sto i vegbanen med store materielle skadar og brannmannskap hjelpte til med å taue den til sides.

Glatt på staden

Årsaka til ulykka er ikkje kjend. Ulykka skal ha skjedd om lag 100 meter etter at ham kom ut frå tunnelen.

Ulykkestaden er kjend og frykta på grunn av lokale vêrfenomen med brått skiftande temperaturforhold i vinterhalvåret.

Kjem ein vest frå kan ein kjøre på bart føre inn i Fjæra-tunnelen, medan det kan vere is og snø på asfalten når ein kjem ein ut 1,7 kilometer lenger aust.

I mars 2016 omkom ein vogntogsjåfør etter at han mista kontrollen over køyretøyet sitt same stad.  I januar 2017 køyrde to personbilar av vegen med få minuttars mellomrom. Den gongen vart ingen alvorleg skada.

LES MEIR HER: Vinterføret skal overvakast

Det skal ha vore glatt føre også laurdag morgon.

— Ambulansepersonellet som kom til staden har opplyst om at det var glatt føre, seier Randulff.