Gerda og Wim Weers er glade i kunst-hagen sin. Her ved installasjonen dei har kalla for IFO - identifisert flygande objekt.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Gerda og Wim Weers er glade i kunst-hagen sin. Her ved installasjonen dei har kalla for IFO - identifisert flygande objekt. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 9
Bokhylla er full av «bøker» med stadnamn. Alle på plassar ekteparet Weers har besøkt gjennom livet.
Bokhylla er full av «bøker» med stadnamn. Alle på plassar ekteparet Weers har besøkt gjennom livet.Bilde 2 av 9
Kreative hender som symbol på ein kreativ hage.
Kreative hender som symbol på ein kreativ hage.Bilde 3 av 9
Denne har fått namnet raudprikkormen. Hovudet er laga i forlenginga av eit dreneringsrøyr.
Denne har fått namnet raudprikkormen. Hovudet er laga i forlenginga av eit dreneringsrøyr.Bilde 4 av 9
Ein sommarfugl i stål, og med Gerda sine strikkepinnar som følheorn.
Ein sommarfugl i stål, og med Gerda sine strikkepinnar som følheorn.Bilde 5 av 9
Ekteparet Gerda og Wim Weers er glade i hagen dei har bygd opp på Vannes. Ved Fiskedammen har dei både utsikt og le for vinden.
Ekteparet Gerda og Wim Weers er glade i hagen dei har bygd opp på Vannes. Ved Fiskedammen har dei både utsikt og le for vinden.Bilde 6 av 9
«Styltemannen» - med bukser inspirert av Noregs suksessrike curlinglag.
«Styltemannen» - med bukser inspirert av Noregs suksessrike curlinglag.Bilde 7 av 9
Denne figuren, laga av den avdøde Skånevik-kunstnaren Knut Jespersen, har ekteparet Weers fått av Jespersens familie for å sette opp langs kunststien sin.
Denne figuren, laga av den avdøde Skånevik-kunstnaren Knut Jespersen, har ekteparet Weers fått av Jespersens familie for å sette opp langs kunststien sin.Bilde 8 av 9
Ein ekte ølhund er også å sjå langs stien.
Ein ekte ølhund er også å sjå langs stien.Bilde 9 av 9

200 meter med hagekunst

Med hjelp av skaparglede og god fantasi har ekteparet Wim og Gerda Weers bygd opp ein 200 meter lang tur- og kunst-sti i hagen sin.

— Dette er ein IFO. Eit identifisert flygande objekt, smiler Wim Weers.

Me står i ein hage på Jonshaugen, på Vannes-halvøya ved Skånevik, og betraktar 12 blanke sirklar i rustfritt stål med feste som heng i lufta. Dei er festa med ståltråd, og utgjer ein iaugefallande installasjon.

Me er kome litt over halvvegs på den til 200 meter lange stien som snirklar seg langs ei skråning nedanfor huset til ekteparet Wim og Gerda Weers. Og dette er ikkje kva sti som helst. På veg til IFO-en har me helsa på ein ølhund laga av tomme ølboksar, ein glinsande sommarfugl av stål med strikkepinnar som følehorn, og me har slått av ein liten prat med eit tre-menneske som står ved eit gjerde og ser utover Jonsmyra.

Global bokhyllle

Me har også sett ei flott bokhylle i tre. Fulle av bøker, det vil seie trebitar, som er malte i forskjellige farger. På bokryggen har dei fått malt forskjellige stadnamn frå inn- og utland. Svolvær, Mostar, Røros, Singapore og Sydney er nokre av byene som er heidra i kunstverket.

Me har samla ein del ting som andre har kasta frå seg
Wim Weers

— Me har reist mykje rundt om i verda. Ideen til bøkene fekk eg då såg gjennom alle postkorta, fortel Gerda.

Felles for dei fleste av installasjonane langs stien er at dei er laga av restavfall.

— Me har samla ein del ting som andre har kasta frå seg. Me har også vore innom industri-verksemder og spurt om me kunne få ta med metallrestar og andre ting dei har tenkt å kvitte seg med, mellom anna på Sunnhordland Mekaniske verkstad, fortel han.

Wim ser monn i det meste når han jaktar materialar.

— Eg har nok ein ganske god fantasi her inne, seier Wim og let ein finger tromme lett mot skallen.

Hobby

Det nederlandske ekteparet har budd det meste av sitt vaksne liv i Skånevik. Gerda hugsar nok mange frå tida då ho jobba i kundeavdelinga på hos Skånevik Ølen Kraftlag, eller frå enda lengre tilbake i tid, då ho kom til bygda og fekk jobb ved Skånevik Fjordhotel. På fritida har ho vore skodespelar, og var også drivkraft i lokalrevyen i Skånevik. Wim er utdanna møbelsnikkar, og har mellom anna jobba med å lage innreiingar til båtar hos den tidlegare båt-fabrikanten Delta i Skånevik. Han har også jobba ved Knudsen Dørfabrikk.

— Kunsten har vore ein hobby, fortel han.

Det var ikkje mykje som likna på ein sti då dei gjekk i gang med å bygge den, for om lag 20 år sidan. I starten var det mest ei ur, ei ur dei kjøp først 10 år etter at dei bygde huset sitt.

— Me kjøpte dette tilleggsarealet mest fordi me syntest det var meir naturleg at grensa til eigedommen gjekk nede ved myra, og ikkje midt i skråninga, som ho gjorde før, fortel han.

Ideen om å lage ein eigen sti kom etter kvart.

— Me kjem jo frå Nederland, eit land kor det bur 16 millionar menneske på eit lite frimerke. Då kjennest det ganske fantastisk å kunne bu ein stad kor ein kan bygge sin eigen tursti, smiler dei.

Og ein ting er kunstverka langs stien. Noko anna er jobben med å snikre trapper og støype steinar å gå på, som heller ikkje har gjort seg sjølv.

— Det har blitt nokre timar, ja, seier han.

Skal snart selje

At Gerda og Wim har lagt mykje av sjela si paradiset sitt på Vannes er det ingen tvil om. Men no går det mot ei ny tid på Jonshaugen. For ekteparet har planar om å selja eigedommen og flytte til noko meir lettstelt.

— Me trivst jo godt her, men det er noko med alderen. Det krev sitt å halde dette ved like, seier Wim. Han har fylt 73 år. Gerda er 76.

Men det blir ikkje berre lett å selje. Og dei er spente på kva som skje vil skje med staden dei har bygd opp i åra som kjem.

— I den grad me kan påverke litt, er det eit håp om at det blir nokon som vil ta vare på noko av det me har skapt, seier dei.