Grindheim i Etne kyrkje med sin spesielle steinkross.
Foto: Arne Frøkedal
Grindheim kyrkje i Etne. ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDALBilde 1 av 2
Tidlegare sokneprest i Etne, Jens Olav Mæland har skrive to artiklar og Hans Nielsen Hauge. Dette er den andre.
Tidlegare sokneprest i Etne, Jens Olav Mæland har skrive to artiklar og Hans Nielsen Hauge. Dette er den andre.Bilde 2 av 2

Ope Forum: Krossen – eit stort mysterium

Ved påsketider er det all grunn til å stilla spørsmålet: Kva er det som gjer at krossen har blitt den kristne kyrkja sitt symbol gjennom tidene? Burde ein ikkje ha valt eit anna symbol, eitt som var meir tiltalande eller meir akseptabelt?

Sjølv om krossen kan ha mange slags utformingar og gje uttrykk for ulike motiv, er og blir krossen eit røft symbol – for det var jo uttrykk for ein voldeleg død, for tortur, smerte og grenselaus liding.

Krossbygda Etne

I Etne-bygda har me fleire krossar som kan setja oss på sporet av eit svar. Går med til den keltiske krossen utafor Grindheims-kyrkja – eller krossen som er innhoggen på bautasteinen ved Gjerde-kyrkja, får me ei tolking av Jesu død på krossen. I hjørna mellom krossarmane finst det fire hol. Desse hola – eller augo – fungerer som ei tolking av meininga med Kristi kross. At det dreier seg om fire, har truleg noko med dei fire verdshjørna å gjera. Den meste nærliggjande tolkinga er at krosshendinga har ein grensesprengjande verknad. Jesu død har med heile verda å gjera, alle dei fire verdshjørna – heile menneskeslekta. Krossen og det den forkynner er ein bodskap som er total. Denne eingongshendinga er ei hending for alle. Som forfattaren av Hebrearbrevet seier: «Kristus døydde ein gong for alle».

Men i krossmidten er det også eit hol, 7 centimeter i diameter. Det er rimeleg å tyda dette som ei opning for lyset, for Guds sol som skin og varmar. Bodskapen var difor enkel og klar: Jesu død på krossen gir lys og varme til mennesket. Gjennom krossen kjem Guds livgjevande solstråle inn til oss. Det svarar til orda i Johannesprologen: «I han var liv, og livet var lyset for menneska». Dette har altså vore bodskapen dei første misjonær-munkane ville ha fram til folket i Etne. Ein gissar på at dei kom i Olav Tryggvason sitt fylgje i 995 (sjå artikkel av sokneprest Asbjørn Salthe, Etne Sogelag, Årbok frå 1995).

Krossen er ein dårskap for alle som hyller rasjonell kunnskap som einaste veg til visdom

Krusifikset i Stødle kyrkje

Det er ein annan kross i Etne-bygda som har eit heilt anna motiv. Det er krossen på altaret i Stødle kyrkje. Det er eigentleg eit krusifiks, det vil seia ein trekross, ein meter høg og 68 cm brei. Krossen er av romansk type, og er signert T. Moseid.

Kristus står majestetisk på krossen med krone og glorie, med opne auge og med langt hår. Kroppen er rett og armane står rett ut til sidene. Hender og føter er festa med fire naglar. Såret i sida er markert. Han har eit knesidt lendeklede med belte. Det er bora små hol i belte, krone, ring og glorie. På kross-treet er det rissa inn eit kantete rankemotiv med tornar.

Det var til restaureringa av kyrkja i 1957 – 58 at denne krossen blei plassert på altaret. Den var ei gåve frå einskildpersonar, og motivet var klart: Kristus er Sigerherren. Han har ved sin død vunne siger over fordervsmaktene, døden og djevelen. Han tronar som suveren konge på krossen. Alle makter er underlagt Han, og difor kan han verna alle som søkjer tilflukt og berging hos han.

Ulik vektlegging

Begge desse motiva, lys-og-liv motivet gjennom krossen på Grindheim og Gjerde, – og sigersmotivet gjennom krusifikset på Stødle, er velbegrunna krossmotiv ut frå dei bibelske kjeldene, noko me ikkje kan gå inn på her. Men det fører oss til spørsmålet om det finst eit kjernemotiv når det gjeld Kristi kross, eit motiv som samlar alle delmotiv?

Ei slik spørsmålsstilling fører oss inn i ein djup og omfattande teologisk diskusjon som har gått føre seg gjennom mange århundre. Og nokon absolutt konsensus finst ikkje, for her skil dei store kyrkjesamfunna lag. Den ortodokse kyrkja lar Kristi død stå i ramma av kampen mellom liv og død, og heller difor til motivet med krosshendinga som ein siger over alle vonde makter. Mens Vest-kyrkja, både den katolske og den evangeliske, ser hendinga i ramma av synd og skuld. Difor lar ein det innarste og djupaste motivet vera bestemt av Guds kjærleik til menneska. Gud gir sin eigen Son som ei kjærleikshandling, til soning for verda si synd og skuld. Ein lar orda om at Han er ei soning for våre synder og at han betalte skulda vår, vera den innarste kjernen i Golgata-dramaet. Gjennom Kristi død på krossen forsonar Gud verda med seg, gjennom ein soningsdød. Og soning betyr at skuldfritt liv blir gitt i staden for liv som har forbrote seg.

Eit mysterium med mange fasettar

Men om dei store kyrkjesamfunna er usamde om kva som er løyndomen ved krossen, er alle samde om at dei ulike bileta og ulike motiv spelar med og høyrer saman når ein skal tolka krossen sitt mysterium.

Og alle er samde om at ordet om krossen er ein dårskap for alle som hyller rasjonell kunnskap som einaste veg til visdom – slik grekarane gjorde det frå først av. Og det er eit anstøyt for alle som rekna Messias som ein anstendig profet – slik jødane gjorde. Men for alle som trur er Kristi død på krossen Guds visdom og Guds kraft. Gjennom krossen blir livet og lyset gjeve til menneske som er fanga av død og mørke.

Dei verdsvide kyrkjene er dessutan samde om dette: Kristi død på krossen er ein dåd ingen andre kunne utføra. Han gjekk inn i ein floke ingen andre kunne løysa. Difor var han ein «mellommann», ein «stedfortredar» – eller «utløysar».

Denne bodskapen – i eit spenn av variantar – førde til ein veldig respons frå menneske i ulike folkegrupper, ulike aldrar og av ulik rang. Dei har svara med lovsong, takk og jubel. Sjølv synst eg Edin Holme sin salme gir den djupe gjenklang i mi sjel:

Ditt kors, o Krist, ble verdens sol,

Dets lys ei grenser kjenner,

Ditt kors, o Krist, ble ærens sto,

Der livets lue brenner.

 

La slukkes alle lys på jord,

La stenges alle veie!

Den som har funnet korsets spor,

Har evig nok i eie.

Jens Olav Mæland