God kjensle. Andreas Berg på toppen av Via Ferrata-ruta i Fjæra. FOTO: PRIVAT
God kjensle. Andreas Berg på toppen av Via Ferrata-ruta i Fjæra. FOTO: PRIVAT

Spektakulært i Fjæra

25. mai opna den første Via Ferrata-løypa på Haugalandet. I den spektakulære klatreløypa er det montert rundt 600 trinn i syrefast stål, slik at vanlege mosjonistar skal kunna klara å gjennomføra
den stupbratte traseen som går nærmast loddrett oppover. Personane bak den nye satsinga, Robert Stråbø Melkeraaen og Laila Sørhus, håpar å kunna leva av å gje turistar både husly og flotte naturopplevingar i Åkrafjorden.

Då Robert Stråbø Melkeraaen var 12 år, flytta familien til den vesle bygda Fjæra aust i Etne kommune. Før den tid budde dei på Stord og i Odda. I 18 år jobba Melkeraaen til sjøs, og var kaptein i 7-8 av desse åra.

— Eg har for det meste farta rundt i Europa med fraktebåt. Ei god stund var eg med på å eksportera tømmer frå Norge til Tyskland. Ofte fekk me gips med oss heim på returen, fortel 45-åringen.

Utsikten frå toppen av den nye Via Ferrata-ruta, som opna 25. mai. Foto: Privat
Utsikten frå toppen av den nye Via Ferrata-ruta, som opna 25. mai. Foto: Privat

Ved sida av har han jobba som styrmann for Åkrafjorden Oppleving AS, der han er nestleiar i styret. For to år sidan bestemte han seg for å satsa meir på turisme og friluftsliv, og han drista seg difor til og seia opp den faste jobben til sjøs. Med seg på laget har han sin noverande sambuar, Laila Sørhus frå Vats. Saman kjøpte dei den nedlagde skulen i Fjæra i 2017. Første plan gjekk ut på å byggja skulen om slik at dei kunne husa turistar som ville overnatta. Allereie sommaren 2017 tok dei imot sine første gjester. Fram til no har Sørhus jobba hundre prosent som rekneskapssjef hos Granberg AS, i tillegg til å vera med på gründerprosjektet, men planen er at også ho skal kunna leva av turismen i Åkrafjorden.

— Det første me gjorde var å riva ned dei gamle klasseromsveggane. Deretter blei det sett opp nye og fleire veggar, som gjorde at me fekk fleire rom, fortel Melkeraaen.

Jakta noko ekstra

I dag leiger dei ut totalt ti rom med til saman 34 sengeplassar.

– Til saman har me lagt ut rundt fem millionar kroner på kjøp av bygget og oppussing. Det er beintøft å overleva i denne bransjen, og difor fann me ut at me måtte gjera noko ekstra for å lokka turistane til oss gjennom heile året, fortel 45-åringen.

 

Robert Stråbø Melkeraaen (45) satsar friskt på global turisme i den vesle grenda Fjæra, som ligg innerst i Åkrafjorden. 
Foto: Anita Haugland
Robert Stråbø Melkeraaen (45) satsar friskt på global turisme i den vesle grenda Fjæra, som ligg innerst i Åkrafjorden. Foto: Anita Haugland

Det var slik ideen om å byggja ei Via Ferrata-løype dukka opp. Den strabasiøse klatreløypa opp Kyrkjeveggen har kosta dei nye 1,5 milllonar kroner.

— Åkrafjorden har det meste. Her kan du fiska medan du kikkar på eit av verdas vakraste fossefall, Langfoss. Her finst flott natur med både høge fjell og jettegryter, og tilrettelagde turstiar. Åkrafjorden er ikkje så kjend som andre fjordar, men me håpar at den nye Via Ferrataen for alvor vil setja Åkrafjorden på kartet, seier Melkeraaen.

Han håpar dei har valt å satsa i rett tid.

— Turismen i Noreg er på veg opp. Folk kjem hit for å oppleva flott natur og eit fredfullt land. Det er også gunstig at krona er svakare enn tidlegare, seier 45-åringen.

I sommarhalvåret har det så langt vore god dekning på utleigdedelen. Målet er å få fleire besøkjande året rundt.

— Det tek berre 15-20 minutt å køyra til Røldal, så det bør gå an å få turistar her om vinteren også, seier den smilande gründeren.

Opplæring

— No må du hekta deg på prøveløypa. Alle som skal gå denne turen må testa teknikken først, seier Robert Stråbø Melkeraaen.

Turen opp Kyrkjeveggen tek rundt fire timar i rein klatring. FOTO: PRIVAT
Turen opp Kyrkjeveggen tek rundt fire timar i rein klatring. FOTO: PRIVAT

Denne dagen, før den offisielle opninga 25. mai 2019, tek han med seg potensielle guidar på tur opp Kyrkjeveggen. Det er første gong dei testar løypa. Utanfor den gamle skulen har dei sett opp ei lita tauløype langs det eine gjerdet. Tauet er hengt opp med same prinsipp som vaierane i den nye Via Ferrata-løypa.

— På klartreselen har du tre karabinkrokar. Den eine kan du bruka dersom du vil kvila deg medan du klatrar. Då festar du kroken i eitt av trinna, og lener deg bakover. Dei to andre brukar du til å henga deg på vaierane i løypa. Sidan du har to, er du alltid festa. Dette handlar om tryggleik, forsikrar 45-åringen.

Ved startpunktet ser klatreløypa ut til å gå nesten rett opp.

— Kven er i målgruppa for å ta denne turen?

— Eg vil seia alle som er i normal god form, som er over 12 år, seier Melkeraaen.

— Og kva gjer ein dersom ein får panikk midt i løypa?

— Då er guidane der for å motivera deg til å komma deg vidare. Det finst også ein sti ein kan gå ned halvegs i løypa, men målet er å få alle opp.

 

Laila Sørhus jobbar i full stilling på rekneskapsavdelinga hos Granberg, i tillegg til alle oppgåvene i Fjæra. Her står ho i resepsjonen. 
Foto: Anita Haugland
Laila Sørhus jobbar i full stilling på rekneskapsavdelinga hos Granberg, i tillegg til alle oppgåvene i Fjæra. Her står ho i resepsjonen. Foto: Anita Haugland

Laila Sørhus kjenner sommarfuglane i magen denne dagen. Også ho skal gå Kyrkjeveggen opp, for første gong.

— Eg skal ikkje vera guide på akkurat denne ruta, men eg skal vera guide opp til jettegrytene i sommar, fortel 50-åringen.

Ho har likevel lyst til å testa ruta. Då ruta var halvferdig var ho med sambuaren opp til Gaupeskår.

— På denne turen stoppa det litt opp for meg. Det enda med at eg hang på Robert eit lite stykke. Det gjekk bra, men eg blei litt sår på knea og eg var litt sliten, fortel Sørhus.

Ho er difor litt spent før turen går i gang.

Verdiskaping

Så langt har dei hatt besøk av turistar få 35 ulike nasjonar. Sommaren 2018 var omtrent fullbooka, og ifølgje paret hadde dei rundt 1.500 gjester. I fjor sommar måtte dei ha to tilsette, i tillegg til litt ekstrahjelp på det aller travlaste. Frå 1. mai har dei tilsett éin person i 50 prosent stilling. I tillegg jobbar dei mykje sjølv, og dei skal også bruka åtte guidar i Via Ferrataen.

Den ombygde skulen i Fjæra blei lagd ned i 2007, og stod tom fram til 2017. No er bygget bygd om for å husa overnattingsgjester.
Den ombygde skulen i Fjæra blei lagd ned i 2007, og stod tom fram til 2017. No er bygget bygd om for å husa overnattingsgjester.

— Du bør vera ganske allsidig for å gå i gang med noko slikt som dette. Sjølv tek eg oppdrag som vaksehjelp, kokk, resepsjonist, båtførar og guide. Ei slags potet, seier Melkeraaen.

Også Laila Sørhus har stor arbeidskapasitet.

— Når eg kjem heim frå jobb er det rett i ny jobb. I fjor sommar var eg oppe klokka seks og i seng klokka 24. Det å sjå nøgde gjester er svært motiverande, elles hadde det ikkje gått, seier vatsbuen.

Meistringsglede

Etter at den første turen hennar opp heile Kyrkjeveggen er over, kan ho fortelja at turen gjekk strålande. Med sol frå blå himmel kom ho seg gjennom den 900 meter lange løypa i bratt terreng.

— Det var litt tøft i starten, sidan det er litt overheng før du kjem til Gaupeskår. I dag tenkte eg heile tida at eg skulle prøva å klara meg utan hjelp. Eg stoppa heller ikkje opp, fordi ein lett blir lett redd og engsteleg, fortel Sørhus.

Følgjet brukte rundt 2,5 timar opp til toppen.

— Det gjekk mykje betre denne gongen, enn då eg gjekk til Gaupeskår. I dag fekk eg litt rettleiing i forhold til kvar eg skulle trø. Eg er svært godt nøgd med at eg kom opp. Det kjennest nesten som at eg har vore opp til eksamen, så no er eg litt tom, seier den tøffe 50-åringen.

Her har turfølgjet nådd toppen. Berit Håland (t.v.), Laila Føyen, Nils Rullestad, Jørgen Rullestad og Andreas Berg. Foto: Privat
Her har turfølgjet nådd toppen. Berit Håland (t.v.), Laila Føyen, Nils Rullestad, Jørgen Rullestad og Andreas Berg. Foto: Privat

 

Fakta:

Åkrafjorden Nature B&B AS tilbyr overnatting, i tillegg til aktivitetar som Via Ferrata Kyrkjeveggen, guida fotturar, fjordcruise m.m.

Åkrafjorden Nature B&B er eigd av Roblai Holding AS, som igjen er eigd av Robert Stråbø Melkeraaen (45) og Laila Sørhus (50). Holdingselskapet har to dotterselskap. Fjæra gamle skule AS er det andre. Dei tre selskapa er alle registrert i 2018. Melkeraaen er også nestleiar
i Åkrafjorden Oppleving AS.

Kjelde: Bizweb

Artikkelen er publisert på papir i Sommarmagasinet.

Om Via Ferrata:

Via Ferrata kan omsetjast til norsk med «klatresti» eller «jernsti», men det blir ofte omtala som «klatresti med wire». Via ferrata går ut på at eit fjell blir utstyrt  med faste sikringsmidlar som stålwire, bøylar, stigar og bruer. Dette blir nytta for å klatra i fjellet på ein mest mogleg sikker og føreseieleg måte, utan at ein treng betydeleg klatreferdigheiter eller klatrekunnskap.

Her finst det også Via Ferrata-turar i Norge:

Loen

Valdres

Straumsfjellet i Valle

Himmelstigen til Trolltunga

Tysso (Odda)

Lom (Breheimen Nasjonalpark)

Munkstigen klatresti

Hemsedal

Flekkefjord

Åmli

Birkeland

Gautefall

Mosjøen

Kjelde: VG reise/september 2018

Via Ferrata i utlandet:

Italia: Ca. 80 ruter

Frankrike: Ca. 120 ruter

Sverige: 5 ruter

Canada: Guida turar i Whistler BC og i Mont-Tremblant nasjonalpark i Quebeck

Malaysia: På Mount Kinabalu
i Sabah kjem ein opp på 3.776 meter, noko som er registrert i Guinnes rekordbok som verdas høgaste Via Ferrata.

USA: I Nord-Amerika kan ein til dømes finna Via Ferrata i  Waterfalls Canyon i Utah,
i Yosemites Half Dome i California og Nelson Rocks i Vest-Virginia.

Kjelde: Wikipedia

Saka er publisert på papir i Sommarmagasinet.