Manglande skilt til prestekontoret er tema i dette innlegget.
Foto: Privat
Manglande skilt til prestekontoret er tema i dette innlegget. Foto: Privat

Kor er prestekontoret?

Som sokneprest i Vikedal veit eg ikkje kor mange gonger eg per telefon måtte forklåra folk, både nære og ikkje minst perifere i geografien, vegen til prestekontoret. Mange var i utgangspunktet i villreie, og stort betre vart det ikkje om dei speida i alle retningar i Vikedal sentrum. Kor er prestekontoret? Ikkje eit einaste skilt synte veg eller retning!

Situasjonen er presis den same i dag. Så vidt eg ser, er den heller ikkje betre korkje i Skjold eller i Ølen. Skilt syner veg mot kyrkjene, men null opplysning om kyrkje- og prestekontora.

Vindafjord kommune med sitt nye beredskapssenter har med rette fått på plass prangande skilt om kva funksjonar huset skal innehalda: Legevakt, legekontor, brannstasjon og ambulansestasjon. Dessutan finst skilt overalt både i og utanom sentrum i kommunen. Det skulle berre mangla!

Likevel manglar kyrkja sine kontorskilt i nærmiljøet. Etter avtalen om prestekontor som vart inngått mellom Fellesrådet og kommunen for fleire år attende og som eg går ut frå framleis står ved lag, bør det også vera ei lettvint sak å yta kyrkja litt assistanse på dette ømme punktet.

Skikkeleg skilting for brukarane av kyrkjekontora, er nødvendig! For kyrkja burde dette vera ei påtrengjande sak. Manglande skilting verkar også bleikt, avprofilert og lite offensivt! Her bør sokneråd og fellesråd ta grep!

Harald Eintveit
sokneprest em.