Trafikkuhellet der desse to bilane var involvert, skjedde på ein sideveg i Ølen.
Foto: Privat
Trafikkuhellet der desse to bilane var involvert, skjedde på ein sideveg i Ølen. Foto: Privat

To personbilar i ulykke

Naudetatane har rykt ut til eit trafikkuhell mellom to personbilar i Ølen. Det er fire personar involvert, men det er førebels ikkje meldt om personskade. — Involverte personar blir tatt med til legevakt for sjekk, opplyser Sør-Vest politidistrikt. Ulukka som blei meldt til 08.30, har skjedd ved Steinbru, like ved Fatland. Både ambulanse, brannvesen og politi er på staden.