Linda Helgeland vil behalda 4-dagarsskulen. Illustrasjonsfoto
Linda Helgeland vil behalda 4-dagarsskulen. Illustrasjonsfoto

Til det beste for barna?

Somme gonger undrar eg meg på korleis det er å vera barn no til dags. Det er jo ingen tvil om at dei fleste har det veldig bra materialistisk sett. Dei kjem inn i ei verd som gjerne ser ut til å vera tilrettelagd nettopp for det vesle barnet og den oppveksande generasjon. Er det noko barnet treng, så ordnar «verda» det. Det heiter individuell tilpassing og tilrettelegging, på fint. Både barnehage og skule er gode på dette. Likevel, det må då vera lov å undre seg litt.

Det er på mange måtar ei merkeleg tid me lev i. Er det kan hende noko viktig me gløymer? Er det noko barna ikkje får, i desse travle, effektive, læringsutbytteprega og kartleggingsfarga tider? Mange ropar høgt om at no må d bli 5-dagars skuleveka for 1. klassingane i Etne kommune også. Kvifor? Og for kven er dette bra? Kom fram med forskinga og bevisa som kan overtyde oss om at det skal vera så mykje betre for 5 og 6 år gamle barn, om dei berre får enda ein dag dei må komme seg på skule-institusjonen og pressast inn i den organiserte samfunnsstrukturen som vi berre MÅ følgje alle saman, heile tida. Det er vel ikkje tid og rom for anna vas, som til dømes å ha ein heil dag fri midt i veka. Berre drive med frileik, i rolege, trygge omgivnadar. Kanskje gå på besøk til ei bestemor. Eller ut på tur med far eller mor. Nei, slikt er vel ikkje sunt lenger. Tenke seg til, ein liten flik av barndommen, i fridomens teikn- og det at folk kan ha litt råderett og forstand på kva som er det beste for eigne barn, det er det altså til det beste FOR BARNA å fjerne?

Eg hugsar då eg var lita. At tida gjekk så uendeleg sakte. På ein regnvêrsdag kunne ein sitje inne og telje dropane på vindauget, og det var nærast som at tida stod stille. Eg trur den somme gonger faktisk stoppa opp. Kanskje var det på nettopp den dagen som hadde vore dum og litt lei, der ein syntes det var så uendeleg lite å ta seg til og dei vaksne var sure. Eller så stod ein på utsida av vindauget og hadde blitt sendt ut for å leike, i allslags vær måtte ein jo ut slik at dei vaksne fekk drikke kaffe eller vaske hus. Det var berre slik det var. Og tida gjekk så uendeleg sakte slike dagar, at ein rakk å leggje merke til allslags detaljar, som t.d. korleis vasspyttane vaks i takt med regnet som hølja ned, eller kva årstid det var. Andre gonger kunne ein sitje i sandkassa i timevis og ikkje eingong leggje merke til at timane gjekk. Det kjekkaste me fann på, trur eg var i skogen. Det var det mykje leik, indianarar som var rågode til å klatre og springe fort eller politi og tjuv. Men ofte fann me på heilt andre leikar, som me dikta opp sjølve, i mangel på anna underhaldning. Og tid- ja, den hadde me nok av. Det var ikkje måte på kor god tid me hadde. Året snigla seg av garde, dagane kom og gjekk, ofte med sine faste mønster. Det var så utruleg lenge til neste jul første juledag, og det varte jo eit halvt liv i mellom kvar gong ein hadde bursdag. I alle fall føltes det sånn. Barndommen var lang, og det vaksne livet, framtida, uendeleg langt der framme. Det var solskinsdagar med bare føter i grønt gras og is, skrelte eplebåtar på ein glovarm terrasse hjå Besta, vasskrig og skrubbsår. Og det var gråvêrsdagar. Dei som berre hang der og var der, og som liksom ikkje lova deg nokon ting. Men som like fullt var livet. Der ein kopp kakao eller eit uventa besøk verkeleg kunne løfte stemninga. Det var kanskje ikkje så mykje som skjedde, men det gjekk då sjeldan lang tid før me fann på noko likevel, ofte heilt av oss sjølve. Elles så kunne ein alltids krangle og sloss med sine sysken, dei som var så heldige å ha det. Det var i alle fall god tid til det.

No kan dette synast som ei uforbehalden og overdriven romantisering av eigen barndom, og kanskje er det til ei viss grad også det. Så er det jo argumentet om at tidene har endra seg, og det har dei så absolutt! Det som er «problemet», slik eg ser det, er at det vesle barnet, det vesle mennesket som skal vekse opp, har ikkje nødvendigvis endra seg så mykje. Kvifor skal ikkje også våre barn få lov til å ha ein lang barndom? Behova er stort sett dei same, og der i blant dei: Behovet for tid. Tid til å leike, tid til å kjede seg, tid til å kjenne etter (kor kjedeleg det er), ja; tid til å leve.

Eg slår eit slag for den sakte barndommen. Nei til 5-dagars skuleveke.

Linda Helgeland (irritert mor)
Etne