I fjor fekk Grannar inn nesten 400 teikningar, mellom anna denne tøffe nissen frå vatsjenta Tuva, som no går i 7. klasse.
I fjor fekk Grannar inn nesten 400 teikningar, mellom anna denne tøffe nissen frå vatsjenta Tuva, som no går i 7. klasse.

Grannar inviterer til teiknekonkurranse

Jula nærmar seg og mange barn synest dei siste vekene fram mot den store kvelden kan bli lang. Då kan lokalavisa sin teiknekonkurranse vera noko som kan korta ned ventetida.

I fjor inviterte me alle klassar frå 1.-7. klasse i Etne og Vindafjord kommunar til teiknekonkurranse. Imponerande mange heiv seg på, og Grannar fekk inn nesten 400 teikningar som blei presenterte i både avis og nettavis på juleaftan. I år ønskjer me nok ein gong å ha ein teiknekonkurranse, men denne gongen inviterer me kvar enkelt person frå 1.-7. klasse, i staden for heile skuleklassar. Mens premien i fjor skulle delast på heile klassen, blir det altså i år ein hovudvinnar som får eit gåvekort på 1.000 kroner på ein valfri butikk i grannardistriktet, og to delte andreplassar som blir premierte med gåvekort på 500 kroner kvar.

Sterke fargar

Tema på teikninga skal vera «Glade jul» og så får kvar av teiknarane tolka korleis dei vil formidla nettopp dette. Me ønskjer at teikningane skal teiknast på A4-ark, og at motiva skal ha sterke fargar sidan eit utval av teikningane blir publiserte i papirutgåva i siste utgåve før jul, 23. desember. Alle innkomne teikningar blir lagt ut på nettavisa, grannar.no.

Vinnarane blir trekte

Sjølv om me kallar dette for ein «konkurranse» er det ikkje lagt opp til at ein jury skal plukka ut den finaste og flottaste teikninga. Sidan aldersspennet er så stort, og det viktigaste for oss er at kvar og ein gjer så godt ein kan, vil tre teikningar bli trekte ut heilt tilfeldig. Når vinnarane er klare, så kontaktar me dei, det er derfor svært viktig at både namn, adresse og telefonnummer står bak på arket.

Frist for levering: fredag 13. desember!

Lukke til!

Grethe Hopland Ravn
journalist

Teikningane kan leverast i Grannar sine lokale i opningstida,
eller sendast til Grannar, postboks 84, 5591 Etne.