Håvard Rørtveit (H) frå Vindafjord og Johanne Rafdal Lauritsen (H) frå Etne meiner det er feil veg å gå dersom Vindafjord seier opp avtalen med Etne der dei to kommunane samarbeider om ei SLT-stillinga som skal hindre at unge kjem på skråplanet. 
Foto: Jon Edvardsen
Sandeidbuen Håvard Rørtveit (H) har saman med Johanne Rafdal Lauritsen (H) frå Etne, tidlegare vore på banen og åtvara mot å seia opp avtalen med Etne der dei to kommunane samarbeider om ei SLT-stillinga som skal hindre at unge kjem på skråplanet. Foto: Jon Edvardsen

Eit svik mot lokalsamfunnets barn og unge

I formannskapet den 3.12.2019 låg posisjonen i Vindafjord fram sitt forslag til budsjett, der fann dei ingen plass til avtalen Vindafjord kommune har med Etne kommune om samarbeid om ein felles SLT-koordinator. Det meiner eg er eit svik mot lokalsamfunnets framtid. Senterpartiets gruppeleiar Jan Idar Haugen begrunna kuttet slik; «Samarbeidet om stillinga fungerer sikkert fint, men i budsjettet har stillinga vore utsett. Det vil skape ro om dette arbeidet dersom det blir lagt til andre funksjonar i kommunen…».

Eit slik argument skal ikkje ligga til grunn for å kutte slikt.

Som folkevalte så har me eit ansvar overfor innbyggarane i Vindafjord, men som politikarar så har me også eit ansvar for samfunnets heilheit. Det å seie opp ein avtale med nabokommunen for det vil «skape ro» er ein tankegang som eg ikkje vil følje. Ungdommen i Vindafjord og Etne er den same, dei går på same vidaregåande skule, same fritidsaktivitetane og same festar og festivalar. No foreslår posisjonen ei kortsiktig og egoistisk løysning som kan få alvorlege konsekvensar. Slik det no førelegg kan ein ende opp med at vår nabo Etne ikkje vil kunne ha same SLT-kapasitetane i sin kommune, det vil også kunne slå ut over oss.

Forslaget frå posisjonen er også samfunnsøkonomisk håplaust. Skal me seie opp avtalen så endar ein opp med at det er Etne som må ta rekninga og det blir dyrare for staten i sin heilheit. Det nyttar ikkje alltid å berre tenka på oss sjølv, men også ha samfunnet rundt oss i tankane når me skal vedta politikk. Sjølv om det ser mørkt ut nå, så er det enda ikkje for seint. Eg håpar nokre posisjonspolitikarar ombestemmer seg i saka og snur om forslaget. SLT er uhyre viktig og ikkje noko ein skal endre på for å skapa ro. Me har eit ansvar for våre barn og unge, ikkje berre dei som bur på sør-sida av Fikse. Eg kjem ikkje til å stemme for eit budsjett som tuklar med SLT, eg håpar ingen andre kjem til å gjere det heller.

Håvard Rørtveit (H)
kommunestyrerepresentant i Vindafjord