Anne Sofie Sandvik er kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune.
Arkivfoto: Jon Edvaradsen
Anne Sofie Sandvik er kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune. Arkivfoto: Jon Edvaradsen

Korleis endre utan å miste det viktige og korleis gjere dei kloke vala 

Eg er midt i boka Sapiens av Yuval Noah Harari. Den handlar om menneskje si utvikling dei siste 70.000 åra. Ein fantastisk imponerande samanfatning. Å få denne historia inn på ca 400 sider krev nok ein del snarvegar og sikkert ein god del forenkla og forhasta konklusjonar, men særleg ein ting har gjort inntrykk på meg. Om ein fordeler desse 70.000 åra på eitt døgn, så har me levd så godt som heilt likt i 23 timar. I den 24 timen starta jordbruksrevolusjonen og i den siste halvtimen kom den industrielle revolusjonen. Det er riktig at utviklinga går raskare og raskare og forfattaren meiner at utviklinga går så raskt at den nå er ute av kontroll. Har denne eksplosive utviklinga gjort oss lykkelegare?

Eg trur lykke er samlinga av gode augeblikk og gode møte mellom enkeltmenneskje. Komikaren Tim Minchin har i ein tale framført ni livsreglar. Nr. 2 er – jobb hardt for det du trur på og med å gjere andre lykkelege, det kan ha svært så positive biverknader for eigen lykke. Les gjerne alle dei andre livsreglane hans.

Kanskje me bør stoppe opp og tenkje gjennom kva me vil, før me galopperer vidare?

lykke er samlinga av gode augeblikk og gode møte mellom enkeltmenneskje

Vindafjord kommune endrar seg og må endre seg i tida framover. Ei krevjande tid økonomisk gjer at me må tenkje nytt. Kommunen må våge å sjå på strukturelle endringar for å tilpasse drifta. Men endringane må vere kloke og gje gode nok tenester. Det er derfor vel så viktig å finne fram til kva som er gode tenester i dag og i framtida.
Det offentlege skal ikkje og kan ikkje løyse alt, og alle må stå saman for å skape eit inkluderande samfunn.
Eg har ei god venninne som i dag ikkje får gode nok tenester for seg og sine. Me har mange kommunale tenester og system som ikkje alltid gjer det enkelt for brukaren. Det er avgjerande å få til eit godt tverfagleg samarbeid som sikrar og gjer det enkelt for alle.
I dag har eg ein pappa på sjukehus, på Noregs beste hjarteavdeling, der han skal få ein ny hjerteklaff vesle julaftan. Eg er så takknemleg for at eg bur i eit land som kan tilby denne behandlinga til alle som treng det og akkurat nå, til min pappa.

Den teknologiske utviklinga har gitt oss mange «sosiale møteplassar» på nettet og nesten alle søknadar kan eller må leverast digitalt. «Alt» kan løysast aleine og heimafrå. Løysingane kan gje effektive og gode løysingar som me skal og bør vidareutvikle. Samtidig veit me at dei langt frå alltid, og ikkje for alle, opplevast som enklare å bruke og at fleire er einsame og deprimerte.

Vindafjord er god på næringsutvikling og innovasjon og me skal heie på og legge til rette for gründerar og etablerte næringsbedrifter som Vindafjord har mange av.
I 2019 opna me Sjøperlo – ein ekte møteplass for kultur og læring, me opna Ølen aktivitetspark og me fekk Handlebuss for Bjoa, Vikebygd og Imsland. Dette er alle ekte møteplassar for gode opplevingar i åra som kjem.

Når alt skjer fort, risikerer me lite kloke val og det er særleg utfordrande for verdas aller største utfordring, klima. I arbeidet med å finne dei viktigaste måla for Vindafjord kommune dei kommande åra, må klima, folkehelse, samfunnstryggleik og samarbeid vere dei aller viktigaste temaa.

Ingen kan ta ansvar for alt, men alle kan møte kvarandre med eit opent sinn. I nokre periodar treng du fleire smil enn du kan gje i retur, men ditt eige smil og opne blikk er det aller beste reiskap for å sikre deg og andre gode opplevingar i 2020.

Anne Sofie Sandvik
kommunalsjef for samfunnsutvikling
Vindafjord kommune