Magne Christiansen, banksjef SpareBank 1 SR-Bank avd. ¯len
Magne Christiansen er banksjef i Sparebank 1 SR-Bank avd. Ølen. No blir banken ein del av Sparebanken Sør-Norge. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Lovande utsikter for 2020

Til tross for mykje uro i den store verda der Donald Trump og Brexit stel overskriftene i nyheitsbiletet, er det også positive tendensar. Kort fortalt ser me ein svakare verdsøkonomi, men at det går bra i norsk økonomi. Det er også positive utsikter lokalt i Vindafjord og Etne.

Bedriftene lokalt har vore gjennom store omstillingar dei siste åra, f.eks Omega og Westcon i Ølensvåg. Evna til å endra og omstilla seg vil bli viktigare og viktigare framover. Ifølgje vårt konjunkturbarometer som måler stemninga blant bedriftene i området, snudde oljenedgang til meir optimisme for to år sidan. Sidan den gong har det vore stigande god utvikling. Bedriftene ventar fortsatt god vekst, særleg innan industrien og oljenæringa. Det påverkar arbeidsmarknaden lokalt og er ein viktig faktor for at me har det bra i Grannar-distriktet.

Dei fleste er i jobb. Det gir tryggheit og er grunnleggande for å ha ein berekraftig personleg økonomi. Det er låg arbeidsløyse både nasjonalt og lokalt. Ledigheita er den lågaste på 10 år og det er ein kamp om den gode arbeidskrafta i landet vårt. Ledigheita i Noreg og Rogaland er på 2,1%, og lokalt (Vindafjord) ligg den på 1,6%. Det gir muligheiter for dei som søker nye utfordringar. Eg bur i lag med ei som nylig har nytta seg av den muligheita.

me har felles ansvar for å visa at me ynskjer folk til Etne og Vindafjord

Bedriftsleiarane er dei som sit på utfordringane. Det er vanskeleg å få tak i dei rette folka med den rette kompetansen i dagens marknad. Lokalt kjempar bedriftene om dei same folka, og det blir ein kamp mellom lokale bedrifter om dei same hovuda. Ofte hentar ein folk frå andre lokale bedrifter med å tilby dei betre vilkår. Men, kva med å tenka annleis?

Korleis kan me leggja til rette slik at det blir enklare og henta inn ny arbeidskraft til vårt område? Dersom folk frå andre stader tenkjer at Vindafjord og Etne er ein attraktiv plass å jobba og busetja seg i, kan me greia å tiltrekkja oss ny arbeidskraft som vil medføra mykje andre godar for lokalsamfunnet.

FIKSE Næringsforening er eit lokalt eksempel på at det blir gjort tiltak for å visa muligheitene i Vindafjord og Etne. Dei jobbar med å belysa det rike lokale næringslivet vårt i ulike arenaer. Lika viktig er det å få folk til å flytta «him igjen» etter utdanning og arbeidserfaring frå andre stadar i landet.

Me er alle ambassadørar for kommunane me leve i. Me som innbyggjarar må visa kva som føregår i regionen og kvifor dette er ein god stad å bu. Gjennom sosiale medium har me fått ein større muligheit til å nå ut med gode historier om kva som skjer i kommunen utan geografiske avgrensingar.

Bustadmarknaden kan påverkast av fleire innflyttarar. Det har dei siste åra vore nokså stabile bustadprisar mange stadar, med unntak av markert oppgang i Oslo. Rogaland og Hordaland ligg nokså stabilt. Det er blitt bygd mange nye bustader dei siste åra som resulterer i at ein del brukte hus blir ledige på marknaden. Det er «all time high» med bustadar for sal, så kjøparar har mykje å velja mellom. Det stemmer også godt overeins med forholda lokalt, og er eit av våre konkurransefortrinn i kampen om arbeidskraft. Distriktet har ledige jobbar og bustader å tilby for familiar som ynskjer å flytta på seg.

For alle med bustadlån er forventninga til styringsrenta framover avgjerande for den personlege økonomien. Styringsrenta har i løpet av 2019 gått frå 0,75% til 1,5%. Når renta stig er det eit godt teikn på at AS Noreg går bra og ting begynner å stabilisera seg. Norges Bank har signalisert uendra rente framover. I tråd med dette ventar me i SR-Bank at styringsrenta held seg på 1,5% ei stund framover. Det er gode nyheiter for oss med bustadlån at renta fortsatt vil vera på eit nokså lågt nivå.

Oppsummert så er det fortsatt positive takter for norsk og lokal økonomi ved inngangen til 2020. Bedriftene er optimistiske og jaktar arbeidsskaft som gjer at arbeidsledigheita er historisk låg. Samtidig har me dei siste åra hatt fråflytting lokalt, og me har felles ansvar for å visa at me ynskjer folk til Etne og Vindafjord. Me må visa at me har bustadar, attraktive jobbar og eit samfunn som er inkluderande på alle måtar. Alle må ta ansvar for å visa at me er ein attraktiv region!

Med dette vil eg ynskje alle eit godt nyttår – velkommen 2020!

Magne Christiansen
banksjef Sparebank 1 SR-Bank
avd. Ølen