John Karsten Hustveit er dagleg leiar ved Åkrafjordtunet og styreleiar i Åkrafjorden Oppleving AS.
Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal
John Karsten Hustveit er dagleg leiar ved Åkrafjordtunet og styreleiar i Åkrafjorden Oppleving AS. Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal

Tankar frå ein i fjorden

Her inne i vakre Åkrafjorden går nok eit år mot slutten. Eit travelt og kjekt 2019. Nå står 2020 og trippar, blank og fin for oss alle. Det er jo som alltid mykje opp til oss sjølve å fylla det nya året med mange gode stunder og skapa minne for livet. Mange tankar melder seg når me nå skal gå laus på eit nytt år. Kva vil det nye året bringa? Korleis er framtidsutsiktene på kort og lang sikt? Kva blir våre store utfordringar for å halda på den levestandarden og velferda me nå tar for gitt?

For min eigen del så er eg blitt eitt år eldre, men hjelper det? Verda berre raser vidare i ein større og større fart. Alltid litt på etterskot. Alltid noko som eg burde ha vist eller høyrt om. Alltid nokre passord som ikkje virkar lenger? Er det berre meg, tenke eg… Litt frustrerande og ganske så krevjande å henga med, både for gammal og ung, vel eg å tru.

Eit håp er at ungdommen kjem heim igjen til spennande arbeidsplassar knytt til reiseliv og landbruk i vårt distrikt

2020 må jo bli eit kanon bra år, tenke eg jo sånn umiddelbart. Men så, når eg tenker meg litt meir om, så blir eg litt meir usikker. Det er jo så mykje som skjer rundt om i verda og som på eit merkeleg vis nærmast over natta blir vårt problem også her i Noreg. Og ikkje nok med det, det gir oss og følelsen av at dei einaste til å få «ordna» opp» i verdas problem og utfordringar det er at AS Noreg går i front. Det står ikkje jo verken på innsatsen eller politisk vilje når me nå skal bestemma kva våre eldre skal eta for å redda vårt framtidige miljø. Verda er blitt mindre og verda har nok aldri gått så seint framover som nettopp nå. Det gir oss jo håp om ei betre framtid der teknologi, forsking og utvikling er tre berebjelkar som kan få balanse i vår framtid både når det gjeld miljø og arbeidsliv.

I eit meir lokalt perspektiv så synest eg fortsatt det ser riktig så positivt ut. Det blir gjerne ikkje fleire som buset seg her i distriktet, men det blir nå stadig fleire som kjem på besøk til oss. Berre i Åkrafjorden så er det meldt om ein auke frå 10.000 gjester i 2019 til 35.000 for 2021. Planlagde investeringar knytt til reiseliv for dei nest åra er på over 50 millionar kroner, berre i Åkrafjorden.

Det ser ut som om at folk frå den store verda set pris på vår natur og ser det som luksus med reint vatn, rein luft og så godt med plass. Så innanfor reiseliv og landbruk er det store moglegheiter slik eg ser det. Lokale produkt og lokalt vertskap kjem ikkje til å gå av moten. Våre gjester frå den store verda vil så gjerne møta oss som bur her (tru det eller er ei). — Meet the people who lives here – er eit slagord som me med hell har brukt. Eit håp er at ungdommen kjem heim igjen til spennande arbeidsplassar knytt til reiseliv og landbruk i vårt distrikt.

Me er heldige og har svært så låg arbeidsløyse; 1,3 prosent i Etne kommune 1,7 prosent i Vindafjord kommune, og mange gode bedrifter som er rigga for å møta framtida. Vårt distrikt ser ut til å stå seg godt i nedgangstider og er mindre sårbare for konjunktur-endringar målt mot andre landsdelar. Me er nok kjent for å kunna snu oss fort, ta tak i utfordringar og gjer det beste ut av det!

Fortsett med det gode grannar!

John Karsten Hustveit
Åkrafjordtunet og Åkrafjorden Oppleving AS