Grannar-redaktør Arne Frøkedal: —Lokalavisa har eit viktig samfunnsoppdrag med å informera innbyggjarane  i den vanskelege situasjonen korona-viruset har sett landet i.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Arne Frøkedal, redaktør i Grannar. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Lokalavisa di har ei viktig rolle

Kjære lesar!

Informasjon er spesielt viktig i krisetider, og det ansvaret kviler også på oss i media. Lokalavisa vil difor vera ein viktig kanal mellom styresmakter og innbyggjarar i den utfordrande tida me nå så vidt har gått inn i. Den oppgåva er Grannar klar for å ta!

Koronasmitten har ført oss alle i same båt. Våre liv er sett på hovudet ein periode som ingen veit kor lenge vil vara, men me skal saman greia oss gjennom denne tøffe tida som ventar oss.

Som resten av samfunnet er også lokalavisa direkte ramma. Våre annonsørar har sjølvsagt mindre behov for sine kunngjeringar på grunn av den situasjonen koronaviruset set dei i. Når ein del av våre vanlege inntekter blir reduserte, må Grannar driva på ein litt annan måte enn til vanleg.

Me har i første fase valt å legga alt redaksjonelt innhald på nettsida vår, grannar.no, tilgjengeleg for alle. Trafikktala våre viser at behovet er enormt for å få vita kva som skjer lokalt og korleis folk skal handtera denne vanskelege situasjonen. Me har nær kontakt med kommunane og det lokale helsevesenet, og vil publisera viktige meldingar så raskt som det er praktisk mogeleg. Dette vil framleis vera ope.

Difor har me også som eit nytt tilbod laga ei live-oppdatering på grannar.no. Også den ligg open for dei som ikkje er abonnentar. Her vil me legga korte saker og viktige meldingar frå Vindafjord og Etne kommune, og andre relevante kjelder.

Send e-post til redaksjon@grannar.no om ting du meiner er viktig å få ut.

Eller du kan nå oss med tips på telefon nummer 975 70 789.

Som mange andre bedrifter har me stengt kontoret for besøkande, men Grannar har tilsette på jobb og opprettheld ein beredskap som gjer at me kan legga ut nettsaker seint og tidleg, også i helgene.

Inntil vidare vil Grannar si papiravis blir gitt ut som før, men truleg med redusert sidetal etter kvart. Mykje av det vanlege stoffet blir borte ettersom det nå er slutt på arrangement, møte og aktivitetar som me vanlegvis dekker. Våre journalistar jobbar på heimekontor, men det er avgrensingar i kor stor grad våre dei kan vera ute og møta folk og ta intervju. Difor blir telefon og e-post viktige arbeidsverktøy nå. Innhaldet i papiravisa vil sjølvsagt vera sterkt vera prega av koronasmitten og den unntakstilstanden landet nå er inne i.

Enkelte vil reagera på at ikkje alt innhaldet på grannar.no om korona-smitten framover er ope for alle. Det kan enkelt forsvarast med at journalistisk arbeid har ei kostnadsside, og at inntekter frå betalande lesarar blir viktig for at me framover skal kunna laga eit godt og breitt innhald. Til orientering er det ikkje den store utgifta å tinga eit digitalt abonnement, som gjer at du får tilgang til Grannar si elektroniske avis og alt som blir publisert løpande på grannar.no.

Innspel frå innbyggjarane er alltid viktig, og særleg i desse tider. Difor oppmodar eg om at alle som har bidrag og opplysningar som er relevant til dagens situasjon om å kontakta oss.

Med venleg helsing
Arne Frøkedal
redaktør Grannar
epost: arne.frokedal@grannar.no
tlf. 932 55 990