Terje Kleiven er kommuneoverlege i Vindafjord.
 Arkivfoto: Jon Edvardsen
Terje Kleiven er kommuneoverlege i Vindafjord. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Smitten nærmar seg

Av nabokummar til Etne og Vindafjord er det berre nye Ullensvang som ikkje har registrert personar med smitte av coronavirus. Lokalt var det i går ein test som det ikkje var kome svar på.

 

Coronaviruset har så langt ikkje fått større konsekvensar i Etne og Vindafjord. Det er personar i karantene, men ingen testar har slått ut med påvist virus. Helsestenesta i Etne har tatt éin test som vart avkrefta sist veke, medan fem personar er testa i Vindafjord.

Alle har vore negative, men éin test i Vindafjord kjem det truleg svar på i dag, opplyser kommunelege Terje Kleiven.

Nokon i karantene

Kommunelege Elisabeth Gunleiksrud i Etne opplyser at det i går ettermiddag var to husstandar med til saman fire personar i som er i karantene, men som ikkje hadde symptom på det tidspunktet, og difor ikkje blir testa.

Bakgrunnen for karantenen er reise til land med smittepress og kontakt med smitta person i ein annan kommune.

I Vindafjord er sju personar i karantene i tillegg til personen som er testa, og karantene er spreidd over fleire bygder, opplyste kommunelege Terje Kleiven i Vindafjord kommune i går.

Ingen av involverte i Vindafjord har vore på reise til utlandet, og utgangspunktet er nærkontakt med smitta personar i andre kommunar.

Slik epidemien spreier seg med stadig fleire smitta av viruset, også i Vestland og Rogaland, reknar dei med at det er eit tidsspørsmål før det blir registret smitta i Etne og Vindafjord også.

Er nærmare

— Det er vanskeleg å seie noko om når vi får eit stadfesta tilfelle, men eg reknar ikkje med at det vil ta så lang tid, seier Gunleiksrud.

Kollegaen i Vindafjord meiner situasjonen er uoversiktleg og vil endre seg frå veke til veke.

— No er det råd om ikkje å reise til utlandet, og framover vil smitte skje mellom personar i Noreg. Vi kan rekne med å få det første tilfellet hos oss i løpet av ei til to veker, seier Terje Kleiven.

Hovudgrep som blir gjort lokalt for å hindre smitte er karantene, testing, og no også lokale vedtak om å ikkje avvikle større arrangement med over 100 personar

Det siste er strengare enn Helsedirektoratet sine tilrådingar, men elles er det råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet som bestemmer tiltak og smitteregime i Etne og Vindafjord.

Symptom først

Terje Kleiven registrerer at mange reagerer på at det ikkje er strengare praksis for karantene. Ser ein vekk frå personar som har vore i land med stort smittepress, så må ein person ha smitte eller symptom som fører til testing, før andre nærståande personar skal i karantene. Det vil seie at det kan vere personar både i og utan karantene i det same huset så lenge ikkje symptom eller smitte er fastslått.

Går ein person frå jobb og inn i karantene, får ikkje det betydning for andre på arbeidsplassen så lenge vedkomande ikkje har hatt symptom på det tidspunktet.

— Viruset smittar ikkje når personar ikkje har symptom, i alle fall ikkje før det siste døgnet før symptoma slår ut, seier Kleiven.

Han vedgår at effekten av karantene kan gleppe dersom personar smittar før symptoma melder seg. Symptom er for øvrig også kravet for at personar blir testa.

Diskusjon om tiltak

Vindafjord praktiserer dei same reglane for alle, uavhengig av om det er ein sjukeheim eller ein vanleg arbeidsplass. For risikogrupper med helseplager viser han til nasjonale oppfordringar om å vere ekstra påpasselege. Lokalt har dei også oppfordra om å ta kontakt med fastlegen.

Dei har også vaksinert meir enn vanleg mot lungebetennelse hos personar i risikogruppa som er i kontakt med fastlegen.

Han registrerer diskusjonen om styremaktene har strenge nok tiltak for smitte. Kommunelegen meiner det må vere ein balanse.

— Går ein langt, stenger ein også samfunnet ned. Det er nokon som må gå på jobb, seier han.

— Befolkninga kan gjere mest

Innsatsen frå befolkninga betyr mest for korleis utfallet av koronaviruset vil bli, meiner kommunelege Terje Kleiven.

— Befolkninga kan gjere mest ved å reise mindre og lytte til råd. Det har meir å seie enn innsatsen frå helsevesenet, seier kommunelegen i Vindafjord.

Råd handlar om å ta hygiene på alvor og respektere karantene.

Den viktige jobben han adresserer til medborgarane er at smittepresset ikkje må bli så stort at helsevesenet får problem med å gi sjuke personar eit godt nok tilbod.

— Epidemien vil gå i lang tid og for mange må ikkje bli sjuke samstundes. Det vil gå månader, men etter kvart blir befolkninga immune og viruset vil avta, påpeikar han.

Kommunelege Elisabeth Gunleiksrud i Etne seier dei vil starte å planleggje at mange kan bli sjuke, blant anna at helseundersøkingar blir utsette for å kunne takle at mange blir sjuke av koronavirus.

Råd og tiltak frå Folkehelseinstituttet

Førebygge smitte:

  • God handhygiene med grundig handvask eller bruk av handdesinfeksjon
  • Gode nyse- og hoste rutinar. Bruk papirlommetørkle eller host i olbogen.
  • Unngå å handhelsa på folk
  • Personar som har vore i område med vedvarande spreiing bør ikkje besøkja helseinstitusjonar dersom det ikkje er heilt nødvendig.
  • Personar som har besøkt område med vedvarande smitte skal halda seg heime i 14 dagar etter at dei kjem heim, uavhengig om dei har symptom eller ikkje.
  • Alle som får symptom på luftvegsinfeksjon etter å ha kome heim frå område med vedvarande smitte skal halda seg innandørs og kontakta fastlege eller legevakt.
  • Om du mistenkjer at du er sjuk av koronavirus skal du kontakta lege eller legevakt på telefon.
  • Folkehelseinstituttet anbefaler å avlysa eller utsetje alle innandørsarrangement med 500 eller fleire deltakarar, og utandørsarrangement med 500 eller fleire deltakarar som står eller sit tett. Råda gjeld teater, kino, konsertar og liknande, og omfattar kantiner, forsamlingslokale i skular, universitet og arbeidsplassar. Råde gjeld ikkje undervisning i skule eller universitet, eller arbeid i store hallar.
  • For offentlege arrangement som involverer meir enn 100 deltakarar blir arrangør anbefalt å gjennomføra risikovurdering som skal godkjennast av kommunen. Kurs, seminar og andre arrangement som involverer helsesektoren eller deltakarar med andre samfunnskritiske funksjonar bør visa særs forsiktigheit.