Gjensynsgleda blir stor når Torbjørn Skålnes endeleg får treffe barn, barnebarn og oldebarn igjen etter 13 veker utan besøk grunna viruspandemien covid-19. Her med barnebarna (f.v.) Sirianne Vikestad (31) og Gunn Alice Skålnes (33). 
Foto: Privat
Gjensynsgleda blir stor når Torbjørn Skålnes endeleg får treffe barn, barnebarn og oldebarn igjen etter 13 veker utan besøk grunna viruspandemien covid-19. Her med barnebarna (f.v.) Sirianne Vikestad (31) og Gunn Alice Skålnes (33). Foto: Privat

— Gratulera så mykje med dagen, Bessen!

Vart du overraska no? Du får unnskylda dei store bileta, for eg veit at du alltid klagar på at det er for mykje bilete og for lite tekst i avisa. Men eg håpar at motivet i dag blir eit unntak frå denne regelen.

Du skjønar det at eg har sakna deg så uendeleg mykje i denne korona-tida. Det er 13 veker sidan dei stengde ned Noreg, og me fekk ikkje lov til å vitje deg lengre. Men me visste råd og vitja deg likevel – «prison style». Men det blir liksom ikkje det same med eit vindauge mellom oss og ein telefon på øyra. Gleda vart difor stor då nyhenda kom om at dei opnar opp for besøk att på omsorgsheimen i Ølen.

Det blir ei annleis bursdagsfeiring i år, utan bursdagsklem og med 1 meters avstand. Men bursdagssong, flagg og ballongar blir det likevel.

Eg kom til å tenkje på ein samtale du hadde med Olav Heggen ein kveld i stova på heimen. Den gjekk omtrent slik: «Det ekje alltid så greitt å bli gammal», sa Laffen. Begge måtte til med «hæ?» mange gonger, for høyrselen er ikkje slik den ein gong var. Du sat ei stund og tenkte på utsegna og svara til slutt; «Det er no betre enn alternativet. Tenk på alt me får sjå og oppleva. Kordan ting har forandra seg». Eg som sat og høyrte på samtalen vart først litt overraska, for det å bli gammal merkest jo på kroppen og ofte er ditt svar på «Kordan går det i dag?» – «Ashelidashjen». Men jaggu har du ord, du Bessen. Kanskje var det fordi me nettopp hadde vore på pokémon-jakt i stova på omsorgssenteret, og sendt på nokre snappar til både barn, barnebarn og oldebarn.

Då ler du godt og kikkar fyrst i lufta medan du plystrar på innpust og byrjar å fortelje om den gongen du vart rundlurt med 1 kg smør som betaling for å byggje ein støl på Haukeli.

Du spør alltid etter om eg har noko nytt å fortelje, medan eg spør smilande tilbake om du har noko gammalt nytt å fortelje. Då ler du godt og kikkar fyrst i lufta medan du plystrar på innpust og byrjar å fortelje om den gongen du vart rundlurt med 1 kg smør som betaling for å byggje ein støl på Haukeli. Eller den gongen både du og naboguten venta tre månadar på nye tenner som skulle kome med båten frå Bergen under andre verdskrig.

Etter 13 veker med Facetime er Torbjørn Skålnes (100) blitt ganske så driven på videomøte. Her i samtale med barnebarnet Ida Eline Skålnes (27) som bur i London.

Du er så flink til å setje ting i perspektiv. Men slik blir det kanskje når ein har levd 100 år på denne vesle rare kloden vår. Du vart født 4. juni 1920. Rett etter spanskedøden hadde herja i Europa i to år. Du og din generasjon har vore vitne til utviklinga Noreg og verda har hatt etter det, frå depresjon i 30-åra til krig i 40-åra og ei jamn oppbygging av staten Noreg slik vi kjenner han i dag. Eg er så glad for at Noreg har vist omsorg og har tatt omsyn for deg og alle andre beste- og oldeforeldre i desse 13 vekene. Det har gitt oss dyrebar tid. Tid med deg, samtaler med deg, latter og tårer. Dyrebar tid med nokon me er veldig veldig glad i. Så tusen takk til alle som har tatt del i smitteverndugnaden i denne korona-tida. Og ikkje minst tusen takk til de som jobbar i omsorgssektoren og tar godt vare på våre kjære.

Eg vel å følgja ditt råd Bessen, om å ikkje bekymra meg så mykje. «Me klarte oss som regel», plar du alltid å seie. «Å reis mykje. Dra til Venezia!». Ein av favorittane blant mange turar du har hatt med mormor.

Eg skal ta deg på ordet ein dag, når dei opnar opp for reiser igjen. Men akkurat no vil eg berre GRATULERA DEG SÅ MYKJE MED DAGEN! Tenk 100 år! Snakkast snart Bessen ❤ du er helten min. PS: Sjå ut vindauget ditt kl. 17 i dag.

Stor ønskeklem frå
Sirianne Vikestad