Utrykkingspolitiet stilte seg opp i 60-sona på E134 ved Solheim i Skjold frå klokka 9 fredag morgon.
Fem i timen
Då kontrollen vart avslutta klokka 13.45 hadde patruljen skrive ut 25 forenkla førelegg, noko som gir eit snitt på litt over fem bøter i timen.
Den som hadde det aller travlast var ein sjåfør som vart målt til 82 kilometer i timen.
Vart fotgjengar
Éin bilist oppnådde kunsten å bli fotgjengar, fordi fredagens fartsblemme bidrog til at han fekk for mange prikkar på førarkortet sitt.