På reise i arbeidet med den nye boka. Her går Erika Fatland over ei lang hengebru, som er bygd slik for å unngå å bli tatt av vinden.
Foto: Privat
Fatland flyg høgt – på fleire vis
NPK: Boka Høyt. En reise i Himalaya» av reiseskildraren Erika Fatland frå Ølen vart seld til ni land før utgjevinga her heime. Boka, som kom fredag 2. oktober, skal bli ikledd nye språkdrakter – mellom anna skal ho omsetjast til både hindi og bengali, melder forlaget. Høyt» er Fatlands tredje bok om reiser til fjerntliggjande strøk, etter Sovjetistan» og Grensen».
– Himalaya er sannsynlegvis verdas mest spennande og varierte region, meiner Fatland sjølv – som gjorde ein tur som gjekk gjennom Kina, Pakistan, India, Bhutan, Nepal og Tibet.
Så langt har fem meldarar meldt seg, og det er gode skotsmål som kjem. En høydare av ei bok». meiner Jan-Erik Smilden i meldinga si i Dagbladet – og fleskar til med terningkast seks.
Boka kjem ut på Færøyane og i Danmark allereie i haust. Neste år skal boka ut i Polen, Tyskland, Italia, Spania og Nederland. I India skal forlaget Sampark sleppe boka på både hindi og bengali, og britiske MacLehose press har sikra seg dei engelske verdsrettane.
Fatlands Sovjetistan» har selt til 24 land og har hausta gode meldingar i aviser som Financial Times, The New York Times og Süddeutsche Zeitung. Oppfølgjaren Grensen» er seld til 16 land. Den engelske omsetjinga kjem i oktober.