Foto: Irene Mæland Haraldsen
Har snudd om kraftlinje. Johannes Kringlebotten, Renate Sævareid og Trude Enge frå Etne Frp ynskjer utgreiing av sjøkabel. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Private barnehagar – eit særs viktig supplement i våre kommunar, eller kva Ap?

Framstegspartiet i Etne kommune har i alle år vore svært opptatt av den private barnehagens ve og vel. Dei kommunale barnehagane blir styrt av innbyggjarane gjennom dei folkevalde, mens den private barnehagen styres av private eldsjeler. Når ein kommune har fleire barnehagar som innbyggjarane kan velja mellom, gir det ein god fleksibilitet og ein positiv konkurranse-situasjon.  Valfridom og sunn konkurranse som bidrar til at innbyggjarane våre får betre, tryggare og billigare tenester, er noko som er topp prioritet for Etne Framstegsparti.

Den private barnehagen som me er så heldig å ha i kommune vår, blir ofte nemnt – spesielt når kommunen skal handsama sine budsjett. Det som har vore gjengangar i fleire år er det negative biletet som blir skapa av partia på venstresida – med Arbeiderpartiet i spissen. Når Etne Frp t.d. forsøkte å gje eigedomskattefritak for private barnehagar under argumentet at kommunen sine barnehagar har ikkje slik kostnad og dermed konkurransevridande og at den private barnehagen ikkje kan bestemma prisen på sine tenester på bakgrunn av maksprisprinsippet, då gjekk Ap ut å påstod at dette ville vera pengar «rett i lomma» på dei som frå mange parti har vore kalla for velferdsproffitørar. Når Etne Frp ønskte at den private barnehagen, etter at dei hadde bygd ut mange fleire barnehageplassar og søkt om meir økonomisk forutsigbarhet, skulle budsjetterast med auka driftstilskot, gjekk nokre parti ut å sa at dette ville medføra at barnehagen på Rygg ville bli lagt ned (i seinare tid blei Rygg barnehage lagt ned – sjølv om ein aldri auka opp tilskot til den private barnehagen). Dette veit me nå var rein skremselspropaganda.

Me treng dei private barnehagane. Det er uverdig å kalla dei velferdsproffitørar når dei tross alt sørgjer for trygge og gode rammer for våre barn og tilsette som arbeider der. Nå som regjeringa varslar om kutt i pensjonstilskotet til dei private barnehagane kan ikkje Etne Frp sitta stille. Varaordførar Kenneth Karlsen var straks i kontakt med stortingsrepresentantane Helge Andre Njåstad og Silje Hjemdal og bedt dei prioritere å reversere dette kutte nå som Frp skal inn i budsjettforhandlingar. Tilbakemeldingane har vore positive og me håpar på solid gjennomslag her.

Johannes Kringlebotten, gruppeleiar Etne Frp
Trude Enge, lokallagsleiar Etne Frp