Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Stoppa bilførar som køyrde vinglete

Ein person blei seint laurdag kveld stoppa av politiet grunna vinglete køyring på E134 Haukelivegen. Det var først vitne som reagerte på den vinglete køyringa, og kontakta politiet som tok affære. Bilføraren er mistenkt for køyring i rusa tilstand, og politiet tok han laurdag med seg inn til politistasjonen for utandingsprøve.

I følgje operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt, har det elles vore ei svært roleg natt.