Guri L. Ravatn er Vindafjord SV sin førstekandidat ved haustens kommuneval.
Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti
Guri L. Ravatn på talarstolen under SV-landsmøte i 2019. Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti

Frå motlaus til optimist!

DEBATT: Det er ikkje alltid like enkelt å vera folkevald i opposisjon i Vindafjord. Særskild i klima, natur og miljø-saker. Sist, på desembermøtet i kommunestyret, var dette synleg og nedslåande. Det vart lita støtte å henta til framlegg om utgreiing av sjø-/jordkabel i staden for «monstermaster» og det vart vedteke eit kommunebudsjett der ein må leita svært så godt etter klimatiltak.

Desto meir gledeleg har det denne veka vore å lesa Grannar. Først om NM i klima, der Ølen vgs deltek. Elevane sin innsats i NM er medviten reduksjon av eigne CO2-utslepp. Desse vert loggført og gjennomsnittet for klassen/skulen konkurrerer med skular frå fleire fylke. Ei praktisk tilnærming til klimakrisa, som eg oppmodar Grannar om å følgja opp med reelle døme frå dei endringane elevane gjer.

Denne veka kunne me også lesa om Ottar Skjold Maskin AS som med sitt fokus på lågast mogleg CO2- utslepp og økonomisk køyring, har redusert utsleppa sine med 20 prosent. Med denne innsatsen – og litt til – har dei nå blitt sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift. Gratulera!

Desse to gla’sakene viser eit folkeleg engasjement, ønske og vilje til å gjera det ein kan for å få redusert klimagassutslepp og forureining. Me har møtt to gode føredøme! Kan hende kan dette føra til at kommunale klimautslepp reduserast og at fleire kommunale bygg vert Miljøfyrtårn-sertifiserte?

Dette trøystar og motiverer ein til tider motlaus folkevald, til vidare kamp i kommunestyret, for klima, natur og miljø!

Guri L. Ravatn
gruppeleiar Vindafjord SV