Dette er eit illustrasjonsbilete av anlegget som Renevo AS vil bygge på Tongane i Etne. Selskapet har allereie eit anlegg som er i drift på Stord. Luktproblematikk har gjort at anlegget har vore omstridd, og Statsforvaltaren trua tidlegare med å stenge anlegget i sommar.
ILLUSTRASJON: RENEVO
Dette er fabrikken Renevo har hatt planar om å byggje på Tongane i Etne. ILLUSTRASJON: RENEVO

Biogassanlegg på Fikse

Biogassanlegg i Etne sentrum, på Tongane, er ein feil plassering av eit stort biogassanlegg. Anlegget på Stord har vore i drift i 1,5 år og er framleis ikkje luktfritt. Og lukta er, når vindretninga er mot husa (400-500 meter unna) er uuthaldeleg.

Den same Pedersen som overtydde Stord-politikarane om eit lukka og luktfritt biogassanlegg, har overtydd ein del av Etne-politikarane om det same anlegget kan plasserast midt i Etne-bygda. Men i Etne vil dei bygga eit mykje større anlegg! Og det i bygd vår som geografisk, som ei gryta. Slepp du ein fis ein vindstille dag, så er den der til kvelden. Dersom teknologien er komen så mykje lengre, kvifor bruka dei den ikkje på anlegget på Stord og gjer den luktfri?!

Detta er eit gass-anlegg, som kan medføra eksplosjon. Du kan aldri sikra dette 100 prosent. Ein tank på Stord imploderte. Detta skulle ikkje kunne skje, men skjedde likevel. Sikkerheita for befolkninga bør koma først. Kommunen har nå ein moglegheit til å stramma inn på reguleringsplanen på Tongane industriområde. Slik kan ein kan setja rammer/avgrensing for kva industri som kan etablerast på Tongane i framtida. Håpar dei tar moglegheita.

Eg har ringt to naboar til anlegget på Stord, og dei seier at me er galne som tenkjer på å etablere anlegg i Etne sentrum. Dei har kjent på skitlukta meir eller mindre (kjem ann på vindretning) kvar dag sidan oppstarten. Folk som bur i Etne har rett på ei sikker og luktfri framtid. Ungane i barnehage og skule har krav på å få gå ut i frisk luft kvar dag. Det same gjelder dei eldre som bur i sentrum.

Må anlegget ligga til kai? All fiskeavfall blir lasta over i tankbilar på Sagvåg kai og køyrd til anlegget på Eldøyane. Og LNG er ein gass som er lett å transportera med tankbilar til forbrukar. Gjer heller ferdig reguleringsplanen for Fikse industriområde slik at anlegget kan plasserast der, og kva med eit samarbeid med Vindafjord kommune om eit felles biogassanlegg på Fikse?

PS! Det er oppretta ein underskriftskampanje på Facebook under teksten : «Nei til biogassanlegg i Etne sentrum». Skriv gjerne under der om du ikkje vil ha eit biogassanlegg på Tongane.

Bente N. Johansen