F.v: Guri Ravatn, ordførarkandidat Vindafjord SV, Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant Rogaland SV og 
Hildegunn Flengstad, ordførarkandidat Tysvær SV. FOTO: PRIVAT
F.v: Guri Ravatn, ordførarkandidat Vindafjord SV, Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant Rogaland SV og Hildegunn Flengstad, ordførarkandidat Tysvær SV. FOTO: PRIVAT

«Hastverk er lastverk»

Høgre sine ordførarkandidatar på Haugalandet har i lesarinnlegg uttalt seg om planlagd høgspentleidning mellom Blåfalli og Gismarvik. Bekymringa deira går på at regjeringa brukar for lang tid og lyttar for mykje til folk, før endeleg godkjenning.

SV har ei anna bekymring kring denne høgspentleidninga. Vår bekymring gjeld omsynet til naturen og norske arbeidsplassar. For sjølv om det kan vera naudsynt med framføring av elektrisk kraft i samband med oppbygginga av nye arbeidsplassar, er det avgjerande at det blir gjort på rett måte. Statnett planlegg å bygga nye 420 kV kraftleidningar over heile landet i åra som kjem. No trengst det ein god plan for omfanget av, og måten nettutbygginga skjer på.

Som luftspenn er desse arealkrevjande og øydeleggande for natur-, landbruks- og rekreasjonsområde. Dette har me eit godt døme på i den planlagde linja mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær, gjennom Etne og Vindafjord kommunar. Linja er planlagd med store luftspenn over fjord og vatn, gjennom Etnefjella, eit friluftsområde med høg verdi for regionen, og gjennom bustad – og landbruksområde. Slike kraftleidningar har høge master (monstermaster), gir visuell forureining, krev bandlagde areal under leidningane og nye tilkomstvegar både under bygging og deretter for vedlikehald.

Bygging av høgspentleidningar gjennom lufta vert dessutan gjort av utanlandske selskap med utanlandske arbeidsfolk. Dette i motsetning til sjøkabel, der me har norsk kompetanse og arbeidskraft til å ta jobben. Kvifor ikkje ta i bruk dei kompetansemiljøa me har, i staden for å gjera oss avhengige av import?

SV meiner at regjeringa ved OED skal ta den tida som trengst for å få gjort ei seriøs utgreiing av sjø- og jordkabelalternativet, for til sist å velja dette. Ja, det kan forseinka sluttføringa, men eit slikt prosjekt vil kunna vera eit føredøme og gje nyttig og verdifull erfaring for høgspentlinjer i heile landet.

SV oppmodar difor andre lokale folkevalde og kandidatar til å venda seg til regjeringa og be dei prioritera omsynet til naturen, og norske arbeidsplassar. Lytt heller meir til folk – ikkje mindre.

Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant Rogaland SV
Hildegunn Flengstad, ordførarkandidat Tysvær SV
Guri Ravatn, ordførarkandidat Vindafjord SV