Johan Strømsvold, Etne venstre. FOTO: PRIVAT
Johan Strømsvold, Etne venstre. FOTO: PRIVAT

Ope brev til klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Etne Venstre arbeidar for at ny 420 kV overføring Blåfalli – Gismarvik må utførast via sjø- og jordkabel løysning til Tysvær. No ser me at de kommer til Rosendal måndag 7. august. Det er no veldig stor motstand mot nye 420 kV høgspent linjer/monstermaster både gjennom Etne og også gjennom Kvinnherad og Rosendal. Når man ser på programmet i Rosendalsveko, er det tema som «klima og natur» og «kraft og natur».

Det er spesielt å sjå at spørsmålet om korleis ein skal transportera grøn elektrisk kraft gjennom natur, korleis det går ut over folk si helse og nærmiljø, og den generelle gleda av urørt natur, samt utfordringar for lokal fauna tilsynelatande ikkje er tema. Mange i Kvinnherad vil også ha sjøkabel løysning frå Blåfalli til Husnes og vidare nordover.

Her har Etne Venstre nokre spørsmål til KLD ved klima og miljøminister Espen Barth Eide som har hovudansvar for mellom anna naturmangfald, friluftsliv, forureining og klima:

a) Korleis vil KLD og Espen Barth Eide sørge for at Olje- og energidepartementet og minister Terje Aasland ikkje bryt den globale naturavtalen som Regjeringa har underteikna under naturtoppmøtet i Montreal i desember 2022. Dette når det gjelder planlagt bygging av nye 420kV høyspentlinjer i urørt natur i Norge. Og når dette kan løysast ved sjø- og jordkabel løysningar på vestlandet?

b) Det ser ut som KLD og Espen Barth Eide ikkje tek naturtap på alvor og under sine venger, når han beskriver at det er OED og Terje Aasland som har det overordna ansvaret for kraftpolitikken og behandlinga av konsesjonar til kraftleidningar. Terje Aasland uttalt på Utsira 15.11.2022 at noko av det finaste han visste om i norsk natur var høgspentmaster. Kan Espen Barth Eide informere om sitt, KLD og Regjeringa sitt naturansvar her?

c) Den 26. mai 2023 var KLD representert på synfaring i Etne fjellene vedrørande Statnett si planlagde 420 kV linje mellom Blåfalli og Gismarvik. Det er her Etne Venstre og mange andre meiner at den må leggjast i sjøkabel frå Blåfalli til Ålfjorden i Tysvær. Kva rapport har KLD laga etter denne synfaringa? Kan Espen Bart Eide informere om dette?

d) Nå planlegg Statnett to nye 420 kV høgspentlinjer frå Sauda til Norsk Hydro på Karmøy. Desse er også planlagt over Etnefjella. Både Sauda og Norsk Hydro ligg nær sjø og desse overføringane kan også gjerast via sjøkabelløysning. Kva meiner Espen Bart Eide om dette får å spara natur i høve til avtalen som vart underteikna i Canada?

e) I slike saker om nye 420 kV linjer i Norge gjennom naturområde i Norge, så bør disse bli tatt opp til behandling på Stortinget. Korleis kan KLD og og Espen Barth Eide bidra med å få av desse sakene til behandling på Stortinget?

Johan Strømsvold

Ordførarkandidat for Etne Venstre