Håvard Rørtveit (H) er ein av få unge som står på lista under haustens kommunestyreval i Vindafjord.
FOTO: PRIVAT
Håvard Rørtveit (H) er klar for å ta fatt på nye utfordringar i Rogaland fylkesting. FOTO: PRIVAT

Røyst på unge stemmer ved haustens kommuneval

Torsdag 10. August opnar førehandsrøystinga for kommune- og fylkestingsvalet. I den anledning ynskjer eg å komme med ein lita oppfordring til veljarane.

Den siste perioden har eg hatt gleda av å vere Vindafjord sin yngste kommunestyrerepresentant. Eg håpar å få tilliten til å fortsette, men denne gongen håpar eg at eg slepp å vere yngst.

Eg hugsar godt då Arild Austrheim frå Senterpartiet i eit kommunestyremøte las opp statistikken av representasjon frå forskjellige aldersgrupper og konkluderte med at det er alt for få unge representert. Demokratiet er godt tent med mangfald og det gjeld også eit mangfald i aldrar i kommunestyret. Skal ein sikre at kommunen våre held med i tida og er attraktive for unge å bu i, er ein nøydt til å også ha unge stemmer i kommunestyret.

Når det no igjen er val har veljarane ein gylden moglegheit til å vere med å gjere snittalderen i kommunestyret litt lågare. Det gleda meg då eg las gjennom dei forskjellige vallistene i Vindafjord og fant ut at me var heile 11 kandidatar som var født i og etter 1995. Eg håpar at fleire av oss blir valt, men for at det skal skje må veljarane krysse på oss. Eg vil minne på at det ikkje berre er mogleg å gje personstemmer ved kryss på lista du ynskjer å stemme på, det er også mogleg å gje slengarar til unge kandidatar på andre lister.

Kjære veljar, hugs å bruk stemmeretten og gjerne kryss inn unge. Godt val.

Håvard Rørtveit

Kommunestyrerepresentant frå Vindafjord Høgre og ung kandidat ved valet.