Den nye strategien vil legge føringar for jordvern både i Etne (bilde) og andre kommunar.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Eitt av dei tre nye selskapa i Grannar-distriktet er heimehøyrande i Etne. ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM

Vi må sikre innbyggjarane trygge og stabile bustadar

Etne Arbeiderparti er glad for dei grepa Arbeiderpartiet nasjonalt no tek for å sikre nok gode bustader i distrikta. Rune Støstad som er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet gjorde greie for desse grepa i innlegg i Grannar 15.08. Leige til eige modellen som han omtalar er ein av dei løysingane som vi i Etne Arbeiderpartiet brenn for. Vi i Etne Arbeiderparti vil sjå til at Etne kommune gjer det dei kan, og nyttar dei verkemidla som ein har for å sikre trygge og stabile bustader for innbyggjarane i kommunen vår.

Valkampen i Etne kommune er blitt ein valkamp som er prega av monstermaster og biogassanlegg. Dette er viktige saker, ikkje misforstå meg, men for dei som slit med å finne seg ein trygg og stabil stad og bu eller kanskje slit med å behalde den bustaden dei har, er ikkje slike saker så viktige. Vi må ha fokus på fleire saker. Talet på personar som søkjer gjeldsrådgiving går opp og dei som behandlar desse sakene har fått mindre handlingsrom.

Tidlegare søkte kommunen om midlar til tilskot til både etablering og tilpassing av bustad direkte frå Husbanken. No er desse midlane i rammetilskotet til kommunane. Dei siste åra har det ikkje blitt setta av midlar til slike tilskot i budsjetta til Etne kommune. Dette vil vi i Arbeiderpartiet gjere noko med. Tilskotsordningane er viktige for at dei med lave, men stabile inntekter, får hjelp til å kjøpe sin eigen bustad. Dei får oftast ikkje finansiering i bank, men med startlån i ein kombinasjon med tilskot kan vi hjelpe fleire inn på bustadmarknaden. Mange av dei planlagde  byggeprosjekta i Etne kommune er bustader med høg standard. Her bør og kommunen legge føringar på utbyggjarane at ein del av bustadmassen skal vere med enkel og nøktern standard.

Vi får stadig fleire eldre i kommunen. Det blir viktigare og viktigare at desse bur lengst mogeleg heime i sin eigen bustad. Dette kan vi som kommune hjelpe til med. Vi kan løyve pengar til tilskot til tilpassing i budsjettet. Vi kan og sette press på utbyggjarane av bustadfelt og leilegheitsbygg at det skal vere ein del av bustadmassen som skal vere tilrettelagt med lett tilkomst og på eit plan. Når det gjeld den auka pågangen av gjeldsrådgjevingssaker må vi styrke denne tenesta. Dei som tek kontakt for å få hjelp må få denne hjelpa raskt. Dårleg økonomi og fare for at bustaden går på tvangssal fører ofte til både psykiske og fysiske plager. Mange klarer ikkje dei daglege gjeremåla og blir sjukmelde  fordi dei har nok med å tenkje på korleis ein skal redde hus og heim. Noko som igjen fører til høgare kostnader for samfunnet.

Etne kommune har ikkje i dag eigne bustader til utleige. Dei leiger på den private marknaden. Dette fører til at utleigeprisane i kommune er høge. Kommunen er med andre ord med på å presse leigeprisane opp. Her må vi satse på kommunale utleigebustader og gjennomgangsbustader. Vi i Etne Arbeiderparti skal leggje press på administrasjonen i kommunen for å få på plass ein bustadsosial handlingsplan. Bustadsosial handlingsplan skal ha tiltak for å førebyggje at folk får bustadproblem og beskrive korleis kommunen sine tenester og lokalsamfunnet skal hjelpe personar og familiar som ikkje sjølv er i stand til å skaffe seg eller behalde ein egna bustad .Etne kommune har i dag ikkje ein slik plan.

Godt val!

Hilde Hellenes

2. kandidat for Etne Arbeiderparti